Ferromagnetisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ferromagnetisme er ein magnetisk eigenskap som kjenneteiknar visse material (liknande magnetiske eigenskapar er ferrimagnetisme og antiferromagnetisme). Dei fleste tilfella av magnetisme i kvardagen stammar frå ferro- eller ferrimagnetiske stoff, såkalla permanentmagnetar.

Ferromagnetiske material lèt seg magnetisere av eit ytre magnetfelt og magnetiseringa vil ikkje forsvinne etter at feltet er fjerna. Magnetiseringa til ein ferromagnet som er magnetisert og seinare fjerna frå feltet blir kalla den remanente magnetiseringa Mr. Det ytre feltet som blir kravd for å snu magnetiseringa blir kalla det koersive feltet Hc.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.