Festøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Festøy)
Festøya
stad
Festøya 26. april 2009
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Postnummer 6174 BARSTADVIK
Gardnummer 86
Kart
Festøya
62°22′27″N 6°19′36″E / 62.37424°N 6.32672°E / 62.37424; 6.32672
Wikimedia Commons: Festøya

Festøya er ein matrikkelgard og eit trafikknutepunkt i Ørsta kommuneSunnmøre. Matrikkelgarden har gardsnummer 86 i Ørsta. Han ligg heilt nordaust på Vartdalsstranda der Hjørundfjorden tek av frå Storfjorden. Festøya høyrde frå gamalt av til Giskegodset. Fram til 1742 var garden einbølt, sidan har han vore delt i to. Brukarane vart sjølveigarar då dei kjøpte bruka sine i 1771. Like sør for tunet stig Festøykollen bratt opp. Dette gjer at garden har lite sol og ligg tungvint til for jorddyrking. Tidlegare vart to lakseverpe høgt verdsette.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Festøya» er i dagens offisielle skrivemåte eit resultat av ei misforstått fornorsking av Festø (fe-stø). Staten kartverk hevda i 2023 at namnet kjem av «ør/øy» i betydning ei slette ved sjøen som er bygd opp av morenemasse tilført av eit vassdrag. Nå er det slik at det på denne staden ikkje finst verken lågt sletteland eller vassdrag.[treng kjelde]

Namnet viser til den gamle tradisjonen med å frakta buskapen på sommarbeite over fjorden frå Sula og Hareidlandet. «Stø» kan i denne samanhengen bety landingsplass for båtane dei brukte, og/eller «mjølkeplass/nattlæge» for buskapen.[treng kjelde]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 15 personar – (2 heimar)
  • 1865: 15 personar – (2 heimar)
  • 1900: 21 personar – (2 heimar)

I dag (2009) er det ikkje fastbuande i Festøya.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Første vegen til Festøya langs Vartdalsstranda var ferdig kring 1890. Då det kom biltrafikk vart det prøvedrift med ferje somrane 1937–1939. Ei privat ferje som gjekk mellom Magerholm og Aure i Sykkylven kunne tingast. I 1939 var det frakt 107 bilar over Festøya. For å sikre framtidig ferjedrift bygde Johannes Festøy privat ferjekai som var klar til bruk i 1947. Frå 1947 til 1949 gjekk ferja mellom Magerholm og Sykkylven ein dagleg tur til Festøy. I 1950 stod fejekaia på Sunde i Sula klar til bruk, og det kom i gang rute mellom Festøya. Då auka trafikken sjølv om vegen til Festøya var svært dårleg. Ny veg langs Vartdalsstranda var ferdig i 1959. I 1964 var ei ny ferjekai ferdig. Ho var bygd av vegstyresmaktene. I dag har E39 ferjerute Festøya - Solavågen (ho går framleis til Sunde, namnet Solavågen vart truleg valt fram for Sunde då dette stadnamnet finst andre stader i nærleiken). Fylkesveg 71 har ferjerute Festøya - Hundeidvik. Vegen frå Festøy til Store-Standal, som i dag er fylkesveg 65 vart opna for trafikk i 1966.[2]

Fornfunn[endre | endre wikiteksten]

I 1977 undersøkte arkeologar ei gravrøys som måtte vekk for å gi plass til veganlegg. Røysa var ei båtgrav, truleg frå 800-talet. Det var uråd å seie kor stor båten hadde vore. I røysa vart det funne våpenrestar, perler av glas og rav og eit bronsebeslag som ein reknar med kjem frå Irland.[3]

Tidlegare har det vorte funne ei steinøks og ei treklubbe.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johannes Buset: Vartdalssoga Første bandet 1964
  2. Johannes Festøy:Ferjetrafikken over Festøy. Minne frå Vartdalsstrand Årsskrift 2008.
  3. Lars Stenvik: En gravrøys på Festøy. Sunnmøre Museum Årbok 1977
  4. Ivar Grøvik: Vartdalssoga Andre bandet 1982