Fethiyebukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fethiyebukat (tyrkisk Fethiye Körfezi) er ei bukt i Middelhavet sørvest i Tyrkia. Byane Fethiye og Göcek i provinsen Muğla ligg ved kysten. Ho grensar i vest til Kurdoğluneset og i aust til İlbisneset/Kapp Angistro. Det er eit populært turist- og seglområde.

Fram til 1923 vart ho kalla Meğri/Makri/Macre/Mekri-bukta.

Ho ligg i det antikke Lykia, og vart då kalla Telmessosbukta eller Glaucus Sinus. Dei antikke byane Lydae og Telmessos (dagens Fethiye) låg ved kysten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 36°38′N 28°58′E