Fetlar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fetlar
Utsyn mot Garths of Tresta nær Houbie.  (Foto: Ian Moodie)
Utsyn mot Garths of Tresta nær Houbie.
(Foto: Ian Moodie)
Geografi
Fetlar is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°37′N 0°52′WKoordinatar: 60°37′N 0°52′W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 40,78 km²
Høgaste punkt Vord Hill (158 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Council area of Scotland Shetland Islands
Demografi
Folketal 86[1][2] (2001)
Folketettleik 2,1 /km²

Fetlar (av norrønt Fetaland, 'det feite landet') er ei av dei nordre øyene på Shetland i Skottland. Øya ligg austom Yell og sørom Unst og er den fjerde største av dei shetlandske øyene. Det bur i underkant av 90 personar på Fetlar. Houbie på sørkysten er den viktigaste landsbyen, der har dei butikk og postkontor. The Society of Our Lady of the Isles har kloster og kapellet Byre Chapel i Aith Ness. Ved Tresta ligg kyrkja på øya, Fetlar Kirk frå 1790.

Det går ferjer frå Hamars Ness på Fetlar til GutcherYell og BelmontUnst. Midt på øya er det ei flystripe.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygningar ved Houbie på Fetlar, mellom anna grunnskulen..

Det har vore folk på Fetlar sidan langt attende. Det finst kulturminne frå neolittisk tid og bronsealderen. Det mest oppsiktsvekkjande kulturminnet er steinmuren frå bronsealderen, kalla Finnigert Dyke, som går langsetter øya frå nord til sør og deler øya i to. I dag er det berre restar att av muren, men då vikingane kom til øya stod han.

I 2002 vart det gjord utgravingar på Fetlar for å kartlegge meir av vikingtida på øya. Funn frå utgravingane kan sjåast på Fetlar Interpretive Centre i Houbie.

Tidlegare har det budd mykje meir folk på øya. I 1841 budde det 761 personar på Fetlar, og då var fråflyttinga alt i gang. Femti år seinare, i 1891, var folketalet nede i 363, og det har fortsett nedover sidan.

Fuglereservatet[endre | endre wikiteksten]

Nordre delen av øya er fuglereservat administrert av Royal Society for the Protection of Birds og er ein viktig hekkestad for fuglar som tjuvjo og småspove. Loch of Funzie er den viktigaste hekkestaden i Storbritannia for symjesnipe. Eit snøuglepar hekka på Fetlar frå 1960-åra og framover til 1980-talet, men no er det ikkje snøugler lenger på øya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.
  2. Ordnance Survey

Denne artikkelen byggjer på «Fetlar» henta frå Wikipedia på engelsk 15. mai 2007.