Fiat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fabbrica Italiana Automobili Torino (FIAT)
Skipa 1899
Type Dotterselskap til Fiatgruppa
Land Italia
Hovudkontor Torino
Produkt Motorkjøretøy
Nettstad www.fiat.no
Fiat Grande Punto - Auto Moto Show Katowice 2006.

Fiat er eit merkenamn som høyrer til bilprodusenten Fabbrica Italiana Automobili Torino basert i Torino i Italia. Namnet er eit akronym laga av det italienske namnet: Fabbrica Italiana Automobili Torino. Det stavar også det latinske ordet "fiat" som tyder "lat det bli", eit uttrykk for håp og styrke som i "fiat lux", "lat det bli lys". Verksemda vart starta av Giovanni Agnelli i 1899. Verksemda omsette for 35,88 milliardar euro i 2010

Frå slutten av 1960-åra har Fiat kjøpt eller vunne kontroll over ei rekke selskap, mellom anna:

  • Bilprodusentar: Ferrari, Lancia, Alfa Romeo og Maserati.
  • Nyttekjøretøy: OM og Iveco.
  • Landbruksmaskiner: New Holland og det canadiske merket Flexy-Coils.
  • Anleggsmaskiner: produsert av Fiat-Hitachi Construction og New Holland Construction.
  • Bussar: Fiat, Iveco og Irisbus.
  • Flyindustri: fly og relaterte komponentar vert produsert av FiatAvio, som også kontrollerer EVL, som driv med romindustri.
  • Militære køyretøy.
  • Komponentar: den største, italienske komponentprodusenten, Magneti-Marelli er eigd av Fiat og i sin tur eig denne verksemda merke som Carello, Automotive Lighting, Siem, Cofap, Jaeger, Solex, Veglia Borletti, Vitaloni, Automotive Lighting og Weber.
  • Stålverk og metallurgi: Fiat eig Teksid.
  • Forlag, publisering, media: Fiat-gruppa er også eigar av forlag som La Stampa, Itedi og Italiana Edizioni. Gruppen eig også fleire riks- og lokalaviser eller kontrollerer dei gjennom ulike selskap.
  • Finansielle tenester: Eit viktig forsikringsselskap, Toro Assicurazioni, gjev Fiat ei kontrollerande marknadsposisjon.
  • Bygg/anlegg: Ingest Facility og Fiat Engineering arbeider på ei rekke ulike sektorar, og IPI er eit formidlingsselskap som også driv med eigedomsforvaltning og drift.
  • IT: Fiats verksemd på denne sektoren skjer gjennom ICT - Information & Communication Technology, Espin, Global Value, TeleClient, Atlanet.

Fiat eig også skianlegga i Sestrieres (denne byen i Alpene er skapt av Agnelli-familien).

Fiat-modellar[endre | endre wikiteksten]

En Fiat 500
  • 124
  • 508 Balilla
  • 125
  • 126
  • 127
  • 128
  • 130
  • 132
  • 131
  • 500
  • 600
  • 1100
  • 1400
  • 1300
  • 1500
  • 1900
  • 2000
  • Albea
  • Barchetta
  • Bianchina
  • Brava
  • Bravo
  • Cinquecento
  • Coupé
  • Argenta
  • Croma
  • Dino
  • Doblò
  • Duna (designet i Brasil)
  • Grande Punto
  • Idea
  • Marea
  • Multipla
  • Palio
  • Panda
  • Punto
  • Regata
  • Ritmo/Strada
  • Sedici
  • Seicento
  • Siena
  • Stilo
  • Tempra
  • Tipo
  • Topolino
  • Ulysse
  • Uno
  • X1/9i 1994.

Priser[endre | endre wikiteksten]

Fiat har vunne prisen Årets Bil ni gongar:

  • 1967: Fiat 124
  • 1970: Fiat 128
  • 1972: Fiat 127
  • 1984: Fiat Uno
  • 1989: Fiat Tipo
  • 1995: Fiat Punto
  • 1996: Fiat Brava/Bravo
  • 2004: Fiat Panda (Nye)
  • 2007: Fiat 500

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fiat


Italienske bilprodusentar
Alfa Romeo | Ferrari | Fiat | Lamborghini | Lancia | Maserati


Fiatgruppa

Abarth | Alfa Romeo | Autobianchi | Ferrari | Fiat | Innocenti | Iveco | Lancia | Maserati | CNH Global