Fichtelberg

Koordinatar: 50°25′43″N 12°57′17″E / 50.42861°N 12.95472°E / 50.42861; 12.95472
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fichtelberg
fjell
Land  Tyskland
Fjellkjede Erzgebirge
Høgd 1 215 moh.
Koordinatar 50°25′43″N 12°57′17″E / 50.42861°N 12.95472°E / 50.42861; 12.95472
Kart
Fichtelberg
50°25′46″N 12°57′15″E / 50.429444444444°N 12.954166666667°E / 50.429444444444; 12.954166666667
Wikimedia Commons: Fichtelberg (Erzgebirge)

Fichtelberg er eit fjell i midten av Erzgebirge i Sachsen søraust i Tyskland nær grensa til Tsjekkia. Fjellet er 1 215 meter over havet, og er det høgaste fjellet i Sachsen og det nest høgaste i Erzgebirge. Fichtelberg har to toppar og den minste er 1 206 meter høgt. Fichtelberg vart det høgaste fjellet i Aust-Tyskland

Fichtelberg ligg ovanfor vintersportstaden Oberwiesenthal, der ei kabelvogn går opp til fjellet. Kabelvogna vart opna i 1924 og er 1 175 meter lang og stig 305 høgdemeter. Kabelvogna er den eldste av sitt slag i Tyskland.

På toppen ligg Fichtelberghaus, som er ein restaurant og eit hotell, og eit 31 meter høgd utsiktstårn. På klåre dagar kan ein sjå til fjella nord i Tsjekkia (Dei sentrale tsjekkiske fjella) og til fjella på grensa mellom Tsjekkia og Polen. Området rundt Fichtelberg og nabofjellet Klinovec er ein populær vintersportstad og har mange skiheisar og løyper for langrenn.

Panorama frå Hoher Stein til Oberwiesenthal med Fichtelberg til høgre og Klinovec til venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]