Fictitious Sports
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Fictitious Sports Studioalbum av Nick Mason |
||
| Innspelt | Grog Kill Studios, Willow, New York, november 1979 | |
| Lengd | 36:15 | |
| Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US) | |
| Produsent | Nick Mason og Carla Bley | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Nick Mason-kronologi | ||
| Fictitious Sports | Profiles (1985) |
|
Nick Mason's Fictitious Sports var eit album av eit band fronta av Pink Floyd-trommeslagar Nick Mason frå mai 1981. Dette var det første større arbeidet Mason gjorde utanfor Pink Floyd. Det vert av mange rekna som eit Carla Bley-album, sidan ho skreiv alle songane og var medprodusent på albumet.[1]. Bortsett frå opningssongen vert albumet sungen av Robert Wyatt. Albumet vart spelt inn i november 1979, men utgjevinga vart forseinka nesten to år.
Nick Mason:
- «Eg lagde mest 'Fictitious Sports' som ei øving. 'Profiles' har meir levetid... det er sterkt nok til å kunne aksepterast som eit 'verkeleg' album.»[2]
- «Opphavleg var det planen at eg måtte dra til Amerika for å lage eit album med all slags songar, men så sende Carla meg ein kassett med ideane hennar. Det var særs forskjellig frå det ho hadde gjort tidlegare og eg var absolutt med på det. Så eg tenkte det ville vere betre å gjere det slik enn å desperat prøve å finne ting som fungerte i lag.[2]»
Innhald[endre]
Alle songar er skrivne av Carla Bley.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Can't Get My Motor to Start» | 03:39 |
| 2. | «I Was Wrong» | 04:12 |
| 3. | «Siam» | 04:48 |
| 4. | «Hot River» | 05:16 |
| 5. | «Boo To You Too» | 03:26 |
| 6. | «Do Ya» | 04:36 |
| 7. | «Wervin'» | 03:58 |
| 8. | «I'm a Mineralist» | 06:16 |
Medverkande[endre]
- Nick Mason – trommer, perkusjon, produsent, lydteknikar
- Carla Bley – klaverinstrument, låtskrivar, produsent
- Chris Spedding – gitarar
- Steve Swallow – bassgitar
- Michael Mantler – trompet, lydteknikar
- Robert Wyatt – vokal
- Karen Kraft – vokal på «Can't Get My Motor to Start»
- Gary Windo – tenor/bassklarinett, fløyte, vokal
- Gary Valente – trombone, vokal
- Howard Johnson – tuba
- Terry Adams – piano på «Boo to You Too», munnspel og clavinet på «Can't Get My Motor to Start»
- Carlos Ward – vokal
- D. Sharpe – vokal
- Vincent Chancey – vokal
- Earl McIntyre – vokal
- James Guthrie – lydteknikar
- Hipgnosis – plateomslag
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Nick Mason's Fictitious Sports» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: