Fife

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fife i Skottland)
Fife
Fìobh
Geografi
Areal
1 325 km²
Administrasjonsstad
Glenrothes
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

361 900
273,1 /km²

Fife (låglandsskotsk Cooncil o Fife, skotsk-gælisk Siorrachd Fìobha) er ein region i Skottland, som ligg mellom Firth of Tay og Firth of Forth. Dei indre områda grensar til Perth and Kinross og Clackmannanshire. Han var opphavleg eit av kongedøma til piktarane, kalla Fib, og vert ofte framleis omtalt som Kongedømet Fife i Skottland.

Det er eit statthaldarskap og var eit grevskap fram til 1975. Det vert stundom kalla Fifeshire i eldre dokument og kart teikna av engelske kartografar og forfattarar. Ein person frå Fife vert kalla ein fifer.

Fife var ein region delt inn i tre distrikt, Dunfermline, Kirkcaldy og North-East Fife. Sidan 1996 har distriktsstyra vorte avskaffa og overtatt av eit sameint regionsråd.

Fife er den tredje største regionen i Skottland ut frå folketal. Det har kring 360 000 innbyggjarar, og ein tredjedel av desse bur i dei tre største byane Dunfermline, Kirkcaldy og Glenrothes. Kirkcaldy er den største byen i Fife med rundt 50 000 innbyggjarar.

Den historiske byen St. Andrews ligg på austkysten av Fife. Han er kjend for eit av dei eldste universiteta i Europa og som opphavsstaden for golf.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]