Figgjo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Figgjo
stad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Sandnes
Postnummer 4332 FIGGJO
Preposisjon Figgjo
Kart
Figgjo
58°47′00″N 5°49′00″E / 58.783333333333°N 5.8166666666667°E / 58.783333333333; 5.8166666666667

Figgjo er ein tettstad ved Figgjoelva i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Staden er kjend for verksemda Figgjo AS, som produserer og sel kjøkenutstyr. På Figgjo er det fabrikkutsal for verksemda. Tettstaden vert nokre gonger kalla «Figgen», og elva tilsvarande «Figgenelva».

På Figgjo var det stasjon for jarnbanen Ålgårdsbanen.

Statistisk sentralbyrå reknar busetjinga på Figgjo og Ålgård (i Gjesdal kommune) som ein samanhengande tettstad med til saman 8746 innbyggjarar i 2007, av dei budde 1539 i Sandnes kommune.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. SSB: «Tettstader. Folkemengd og areal, etter kommune. 1.januar 2007.», arkivert frå originalen 1. oktober 2007, henta 16. juni 2008 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.