Filariasis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lymfatisk filariasis

Filarielarvar
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:125.0-125.9
ICD-10-kode:B74
MeSHD005368

Filariasis er ein type tropesjukdommar forårsaka av visse parasittiske rundormar kalla filariar. Sjukdommen kan skada lymfesystemet og føra til skader og misdanningar, som forstørra kroppsdelar (elefantiasis eller elefantsjuke) eller blinde (elveblinde eller onchocerciasis).

Ein finn særleg sjukdommen i tropiske og subtropiske delar av Afrika og Asia, men også i Sør-Amerika og Stillehavsområdet. Verdsorganisasjonen for helse (WHO) vedtok eit mål om å utrydda sjukdommen i 1997.[1]

Infeksjon[endre | endre wikiteksten]

Livssyklusen til Wucheria bancrofti.

Tre typar rundorm kan føra til lymfatisk filariasis: Wuchereria bancrofti, Brugia malayi og Brugia timori. W. bancrofti står for rundt 90 % av tilfella. B. malayi står for dei fleste andre.[2]

Loa loa, Mansonella streptocerca og Onchocerca volvulus fører til underhudsfilariasis, som kan angripa huda eller auga.

Mansonella perstans og Mansonella ozzardi fører til filariasis i den serøse hinna i magen. Andre parasittar kan råka dyr og føra til eigne sjukdommar hjå dei.

Ulike blodsugande insekt er mellomvertar for filariane, og kan føra smitten frå menneske til menneske. Menneske blir smitta gjennom å bli bitne. Filarielarvane finn vegen frå huda til blod- eller lymfesystemet, der dei sirkulerer rundt, ofte berre om natta.[3] Vaksne ormar held til i bindevev og lymfesystemet. Dei har ein gjennomsnittleg levealder på 6-8 år. Det er som regel barn som blir infisert.[4]

Sjukdomsforløp[endre | endre wikiteksten]

Tida frå ein blir infisert til sjukdom bryt ut kan vera frå 8-16 månader eller lengre.[5] Tidlege symptom på filariasis kan vera hovne lymfeknutar og feber (filariefeber). Mange pasientar viser ikkje ytre symptom, men vil likevel få lymfe- og nyreskader og eit svekka immunforsvar.[2]

Akutte betennelsesreaksjonar, anten som imunnsvar mot infeksjonen eller gjennom andre infeksjonar som følgje av at immunforsvaret er blitt svekka, er vanlege i alle former for filariasis.[2]

Filariane kan stoppa til lymfekara. Dette kan føra til kroniske tilstandar som lymfødem, heving gjennom opphoping av lymfevæske.[2]

Pasient med ein forstørra fot som følgje av filariasis.

Eit svært tydeleg og misdannande symptom er forstørring av føter, underliv eller bryst saman med at huda blir tjukk og grov - som den på ein elefant. Denne tilstanden blir kalla elefantiasis eller elefantsjuke. Han kan vera funksjonshemmande og sosialt stigmatiserande.[2]

Ein annan skade som kan koma av filariasis er elveblinde. Her blir auga skadde ved at larvar også invaderer auga. Immunreaksjonen kan øydeleggja vevet slik at pasienten blir blind. Denne forma for filariasis synest i form av kular under huda.[6] Pasientar kan også oppleva misfarging av huda og ei intens kløe.[7]

Filaria kan også ramma lungene, ein tilstand kjend som tropisk pulmonal eosinofili. Her kan pasienten ha nattlege hosteanfall, hvesing, vera tungpusta og ha sparsomt med slim og låg feber. Ved dette høvet lever parasittane i lungene, ikkje i blodet.[5]

Diagnose[endre | endre wikiteksten]

Ein kan påvisa mikrofliariar (larvar) 6-12 månader etter ein infeksjon.[3] Parasittane kan påvisast gjennom mikroskoptesting av blodet, helst teke om natta,[8] eller gjennom ultarlyd.[9] Ein kan også testa blodet for antistoff mot filariane.[8]

Behandling og førebygging[endre | endre wikiteksten]

Filariane kan stoppast med fire ulike medikament: Diethylkarbamazin og albendazol, som verker sakte, og dei hurtigverkande diethylkarbamazin og ivermectin.[10] Medikamenta har liten effekt på vaksne larvar, men hindrar vidare spreiing av larvar i kroppen.[2]

Kurar blir gjerne laga med ulike samansetningar av medikamenta. Dei kan føra til kraftige reaksjonar, både lokalt og i heile kroppen. Ein må gjerne ta kurane i fleire omgangar for å få bukt med parasitten.[10]

Ved å behandla alle i utsette grupper over fleire år kan ein bli kvitt sjukdommen heilt frå desse gruppene. Behandlinga må typisk gå over fire til seks år.[2] Andre tiltak kan vera å redusera talet på smitteberande mygg og bruka myggspray og myggnetting.[2]

Misdanningane som følgjer filariasis kan ikkje behandlast med lækjemiddel, og er i mange tilfelle permanente. Nokre av dei kan behandlast kirurgisk, som forstørra skrotum. Betennelsespisodar kan hjelpast gjennom å heva råka område, gjera øvingar og elles vaska og stella huda.[2]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Funksjonsjusterte leveår for filariasis per 100 000 innbyggjarar
██ ingen data ██ mindre enn 10 ██ 10-50 ██ 50-70 ██ 70-80 ██ 80-90 ██ 90-100 ██ 100-150 ██ 150-200 ██ 200-300 ██ 300-400 ██ 400-500 ██ meir enn 500

Over 120 millionar menneske er smitta av filariasis i verda. Rundt 1,4 milliardar menneske i 73 land er rekna som utsette for smitte. 80 % av dei finst i dei ti landa Bangladesh, Burma, Den demokratiske republikken Kongo, Etiopia, Filippinane, India, Indonesia, Nepal, Nigeria og Tanzania.[2]

I 2000 starta WHO eit utryddingsprogram mot sjukdommen, Global Programme to Eliminate Lymphatic Filariasis (GPELF). I 2012 hadde 56 land teke del i programmet. 13 av dei hadde så godt som utrydda sjukdommen gjennom massive medisineringsprogram, og gått over til overvåking mot nye utbrot. Målet til programmet er å utrydda filariasis innan 2020.[2]

I 2013 blei Colombia erklært fritt for elveblinde av WHO, og i 2014 følgde Colombia.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Å realisere håp i et hav av lidelse», Tidsskrift for Den norske legeforening 2002; 122:2391 Nr. 24 – 10. oktober 2002
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 «Lymphatic filariasis Fact sheet N°102». World Health Organization. March 2014. Henta 20 March 2014. 
  3. 3,0 3,1 «Smitte», Pasienthandboka, NHI.no
  4. «Hva er filariasis?» Arkivert 2015-04-06 ved Wayback Machine., NHI.no
  5. 5,0 5,1 «Symptomer», Pasienthandboka, NHI.no
  6. Tønjum, Tone. «Filariasis» (10. oktober 2014), Store medisinske leksikon.
  7. 7,0 7,1 «River Blindness Elimination Program», cartercenter.org
  8. 8,0 8,1 «Parasites - Lymphatic Filariasis Diagnosis». CDC. June 14, 2013. Henta 21 March 2014. 
  9. «Diagnostikk», Pasienthandboka, NHI.no
  10. 10,0 10,1 «Behandling», Pasienthandboka, NHI.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Filariasis