Filicudi

Koordinatar: 38°34′N 14°34′E / 38.567°N 14.567°E / 38.567; 14.567
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filicudi
Filicudi
Filicudi
Geografi
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 38°34′N 14°34′E / 38.567°N 14.567°E / 38.567; 14.567
Øygruppe Dei eoliske øyane

Areal 9,5 km²

Høgaste punkt Monte Fossa Felci (774 moh.)

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Messina

Demografi
Folketal 250

Filicudi er ein av dei åtte Eoliske øyane og ligg om lag 40 km nordaust for øya Sicilia. Ho har eit areal på 9,5 km². Det er fleire små landsbyar på øya, som Pecorini Mare og Valdichiesa. Det vert produsert vin, olivenolje, korn og grønsaker på Filicudi. I 1997 vart 7 km² av øya gjort om til eit naturreservat.

Det høgaste punktet på øya er Monte Fossa Felci (774 moh). Andre høgder er Monte Montagnola (349 moh) og Monte Terrione (278 moh). Ved Capo Graziano ligg ruinane av ein landsby frå bronsealderen frå 700-talet fvt.. Utanfor kysten står ei vulkansk søyle kalla La Canna 74 meter opp av sjøen.

History[endre | endre wikiteksten]

Det moderne namnet Filicudi er ei forvrenging av det antikke greske namnet på øya, som var Phoenicusa (Fønikarøya). I lag med resten av Dei eoliske øyane har vore busett sidan steinalderen, rundt 3000 år f.Kr. Øya vart busett av nye folkegrupper i bronsealderen. Øya stod folketom i mange hundreår fram til grekarar flytta hit. Romarar og austromarar har òg sett sine spor på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]