Filipstad i Sverige
Filipstad er ein tätort, før 1971 stad, i austre Värmland. Den er centralort i Filipstads kommun, Värmlands län.
Filipstad ligg i en dalgong mellom sjøane Lersjön og Daglösen. Mellom desse renn Skillerälven, som slingrar seg gjennom sentrum, og forbi Nils Ferlin-statuen ved Stora torget.
[endre] Historie
Filipstad er ein tätort som fekk sine stadsprivilegier 6. april 1611 og er i og med det Värmlands tredje eldste by, bare Karlstad og Kristinehamn er eldre. Byen er oppkalla etter prins Karl Filip som var son til Karl IX og bror til Gustav II Adolf. Heilt sidan 1300-talet finst det tradisjon innom jern og gruvehantering, som er grunnen til at området har blitt befolka. I området fanst store naturrikdomar, og då gruveindustrien fekk eit oppsving på 1700-talet, voks Filipstad fram. I 1694 mista ein stadsprivilegia etter ein brann, og desse fekk ein ikkje tilbake før i 1835. Etter det voks staden i rask takt mellom anna takka vere at fleire føretak og institusjonar voks fram. Filipstads Bergsskola, som finst enno i dag, er ein av dei.
1904 er eit viktig årstal i Filipstad si historie. Då starta nemlig eit bakeri, som seinare fekk namnet Wasabröd, og som er verdas største knekkebrødsfabrikk. Fabrikken har alltid hatt og har enno i dag ei enorm betyding for byen, då den er Filipstads største arbeidsgivar. Mange meiner at Wasas betyding har vore for stor, noko som har ført til at ein ikkje har satsa på det øvrige næringslivet. OLW, som er ein jette innan snacksbransjen, er òg eit storforetak som ligg i Filipstad sidan 1968.
Noko meir som er verdt å nemne om Filipstad si historie er Oxhälja, som er Sveriges største marknad. Den har aner frå 1600-talet og går av stabelen den første helga i september kvart år. Kvart år besøker oppimot 150 000 menneske Oxhälja.