Fillan kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For kommunesenteret, sjå Fillan.
Fillan på Hitra
Foto: Gams
Kommunegrensene som delte dei fire Hitra-kommunane fram til 31.12.1963.

Fillan er ein tidlegare norsk kommune på øya Hitra i tidlegare Sør-Trøndelag fylke. Kommunen var ein del av Hitra formannskapsdistrikt då dette blei oppretta i 1837 og som då omfatta noverande Hitra kommune og Frøya kommune. 1. januar 1877 blei Frøya utskild som eigen kommune. Fillan blei skild ut frå Hitra som eigen kommune med 2 241 innbyggjarar 1. januar 1886.

1. juli 1914 blei Fillan kommune delt. Sandstad kommune, med 947 innbyggjarar blei skild ut som eigen kommune. Fillan hadde 1.543 innbyggjarar etter frådelinga.

1. januar 1964 blei Fillan, som då hadde 1 759 innbyggjarar, slått saman med kommunane Hitra, Kvenvær og Sandstad til den nye Hitra kommune.