Filmen Elling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elling er ein norsk, Oscar-nominert film frå 2001 regissert av Petter Næss og basert på den tredje romanen om «Elling», Brødre i blodet, av Ingvar Ambjørnsen.
Elling er den første filmen i trilogien om Elling. Filmen vart Oscar-nominert for beste utanlandske film i 2002. Han kom derimot ikkje med på lista då Dagbladet i 2007 kåra dei 15 viktigaste filmane sidan 1982.
Handlinga [endre]
Elling skildrar korleis to tidlegare pasientar ved «Brøynes behandlingshjem» skal klare seg åleine i ei trygdeleilegheit på Majorstua i Oslo, med noko hjelp frå sosialarbeidaren Frank. Medan eine av dei, Elling, slit med angst og fikse idear, er den andre, Kjell-Bjarne, nokså enkel og sexfiksert. Etter kvart lærer dei seg til å takle verda og møter andre menneske.
Rolleliste [endre]
| Rolle | Skodespelar |
|---|---|
| Elling | Per Christian Ellefsen |
| Kjell Bjarne | Sven Nordin |
| Reidun Nordsletten | Marit Pia Jacobsen |
| Frank Åsli | Jørgen Langhelle |
| Alfons Jørgensen | Per Christensen |
| Gunn | Hilde Olausson |
| Hauger | Ola Otnes |
| Johanne | Eli Anne Linnestad |
| Cecilie Kornes | Cecilie A. Mosli |
| Haakon Willum | Joachim Rafaelsen |
| Eriksen | Per Gørvell |
| Servitør på kaféen | Knud Dahl |