Filmen Live and Let Die

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Live and Let Die
Å leve og la dø
Opphavsland Storbritannia Storbritannia
Språk Engelsk
Sjanger Spionfilm
Produsent Henry Saltzman
Albert R. Broccoli
Manus Tom Mankiewicz
Medverkande Roger Moore
Yaphet Kotto
Jane Seymour
David Hedison
Musikk George Martin
Sjeffotograf Ted Moore
Klipp Bert Bates
Raymond Poulton
John Shirley
Filmselskap United Artists
Utgjevingsår 1973
Lengd 121 min.
Budsjett 7 000 000 USD
Aldersgrense 16 år[1]
Forgjengar Diamonds Are Forever (1971)
Oppfølgjar The Man with the Golden Gun (1974)

Live and Let Die (frå 1973), nokre gonger kalla Å leve og la dønorsk, er den åttande spionfilmen i James Bond-serien og den fyrste med Roger Moore i hovudrolla som den fiktive MI6-agenten James Bond. Filmen er produsert av Albert R. Broccoli og Harry Saltzman. Produsentane ville at Sean Connery skulle halde fram etter at han hadde spela hovudrolla i den føregåande Bond-filmen Diamonds Are Forever, men det ville han ikkje. Dermed vart leitinga etter ein ny skodespelar til rolla som James Bond sett i gang, og valet fall på Roger Moore.

Filmen er basert på romanen med same namn av Ian Fleming. I filmen planlegg ein narkobaron kjend som Mr. Big å dele ut to britiske tonn (som tilsvarar litt over 2 norske tonn) heroin gratis, slik at han utkonkurrerer rivalane på narkotikamarknaden. Bond gjer nærmare undersøkingar rundt dødsfalla til tre britiske agentar, noko som leier han til Mr. Big. Han vert fanga i ei verd med gangsterar og voodoo etter kvart som han prøvar å setje ein stoppar for planane til Big.

Live and Let Die vart utgjeven på ei tid då blaxploitation-filmane var på sitt mest populære, og mange stereotypar og klisjear frå denne sjangeren er brukte, slik som afroamerikansk hårsveis, meir eller mindre støtande uttrykk som «honky» ('bleikansikt'), svarte gangsterar og luksusbilar.[2] Han skil seg frå dei tidlegare James Bond-filmane, som omhandla fiendar som ville ta over verda, ved å handle om narkotikahandel. Dette er òg eit trekk frå mange blaxploitation-filmar. I tillegg er handlinga lagt til typiske afroamerikanske kultursentrum, som Harlem i New Orleans og karibiske øyar. Det var òg den fyrste filmen der ei afroamerikansk Bond-dame var romantisk med 007, Rosie Carver som vart spela av Gloria Hendry. Trass i blanda kritikkar grunna bruk av stereotypiske etniske skilnader, vart filmen ein kinosuksess.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Tre britiske MI6-agentar, inkludert ein «på utlån» til den amerikanske regjeringa, vert drepne under mystiske omstende i løpet av 24 timar medan dei overvakar Dr. Kananga, diktatoren på ei lita karibisk øy kalla «San Monique». James Bond vert send til New York, der den fyrste agenten vart drepen og der Kananga vitjar SN, for å gjere nærare undersøkingar. Så snart Bond kjem til New York vert sjåføren hans drepen medan dei er på veg til å møte Felix Leiter i CIA. Bond vert også nesten drepen i det påfølgjande bilkrasjet.

Mannen som drap sjåføren leier Bond til Mr. Big, ein gangster som eig ein kjede Fillet of Soul-restaurantar over heile USA. Det er under denne konfrontasjonen med Mr. Big at Bond fyrst møter Solitaire, ei vakker jomfru som er tarotekspert og har evne til både å sjå inn i framtida og fjerne hendingar i notida. Forkledd som Mr. Big ber Kananga hjelparen sin om å drepe Bond, som klarer å kome seg unna uskadd. Bond følgjer etter Kananga tilbake til San Monique, der han etter kvart møter Rosie Carver, ein dobbelagent frå CIA. Ho vert seinare drepen av eit skot frå ein av fugleskremselfigurane til Kanaga, etter at Bond mistenkjer henne for å arbeide for Kananga. Seinare møter han båtsjåføren Quarrel, Jr. som tek han med til heimen til Solitaire. Ved å bruke ein stokk med tarotkort som berre inneheld kort som viser «The Lovers» ('Dei elskande'), lurer Bond henne til å tru at ho skal verte forført i næraste framtid, og deretter forfører han henne. Solitaire mistar evna til å sjå inn i framtida når ho mistar jomfrudommen sin til Bond, og vert tvinga til å samarbeide med han for å knekkje Kananga.

Det vert avslørt at Kananga er i gang med å produsere to britiske tonn heroin og vernar valmueplantasjen ved å utnytte dei innfødde si frykt for voodoo og okkultisme. Gjennom aliaset sitt, Mr. Big, planlegg Kananga å dele ut heroinen gratis, slik at konkurrentane forsvinn, fleire vert avhengige og Kananga får monopol på heroinmarknaden. Kananga sine menn fangar Bond og Solitaire på flyplassen i New Orleans. Bond kjenner ikkje att Mr. Big fordi han har på seg ei plastmaske. Kananga dreg av maska og spør Bond om han har lege med Solitaire, og brukar deretter Bond for å teste evnene hennar. Kananga gjev Solitaire til Baron Samedi som skal ofre henne etter at han oppdagar at evnene hennar til å lese i tarotkort er vekke. Kananga lèt Bond vere att med hjelparen Tee Hee Johnson som tek Bond med til ein krokodillefarm på landsbygda i Louisiana. Bond unngår å verte eten av krokodillene ved å springe på ryggane deira til han når land att. Han set fyr på farmen og stel ein rask båt, og set dermed i gang ei båtjakt med Kananga sine menn, den lokale sheriffen J.W. Pepper og delstatspolitiet i Louisiana. Seinare, når han er tibake i San Monique, avbryt Bond voodoo-ofringa og reddar Solitaire. Bond og Solitaire rømmer under jorda til skjulestaden til Kananga. Kananga fangar dei begge, og skal sende dei ned i eit vatn med haiar. Bond kjem seg laus og hoppar i vatnet med Kananga, der han dukkar han under og puttar ei kule frå ein haipistol i munnen på Kananga. Dette fører til at han bokstavleg talt vert blåsen opp som ein ballong, fyk opp til toppen av hòla og sprekk. Etter at jobben er gjord og dei har møtt Felix att, set dei seg på toget.

Tee Hee gjer eit siste forsøk på å drepe Bond, men vert skubba ut frå togkupeen deira medan toget er i høg fart. Før filmen er slutt ser ein Samedi sitje fremst på utsida av toget i voodookostymet sitt medan han ler.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Produsjon[endre | endre wikiteksten]

Medan Diamonds Are Forever vart filma, vart Live and Let Die vald som den neste Ian Fleming-romanen som skulle filmast. Manusforfattar Tom Mankiewicz syntest det ville vere interessant å bruke svarte fiendar sidan Black Panthers og andre liknande rørsler var aktive på denne tida.[3] Guy Hamilton vart igjen vald som regissør, og sidan han var jazz-fan avgjorde han at dei skulle filme i New Orleans. Hamilton ville ikkje bruke Mardi Gras sidan Thunderball brukte Junkanoo, ein liknande fest. Difor valde han, etter råd frå ein ven og leiting etter opptaksstader i helikopter, å bruke to kjende trekk ved byen, jazzgravferdene og kanalane.[3][4]

Medan dei leitte etter opptaksstader i Jamaica oppdaga filmgruppa ein krokodillefarm som var eigd av ein «Ross Kananga», etter å ha køyrt forbi eit skilt der det stod at «uvedkomande vert etne». Farmen kom med i manuset, og inspirerte også Mankiewicz til å gje fienden i filmen namn etter Kananga.[3]

Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Broccoli og Saltzman prøvde å overtale Sean Connery til å vere med i denne filmen også, men han ville ikkje.[3] Mange andre skodespelarar var på prøvespeling eller vurderte for rolla som Bond. Av desee kan ein nemne Julian Glover (seinare fienden i Bond-filmen For Your Eyes Only i 1981), Jeremy Brett,[5] og favoritt Michael Billington.[6] Robert Wagner avslo rolla fordi han meinte at Bond burde vere britisk.[7] Roger Moore, som hadde vore vurdert både før Dr. No og On Her Majesty’s Secret Service, fekk til slutt rolla.[4] Moore prøvde verken å imitere Sean Connery eller Simon Templar, som han hadde spela i fjernsynsserien The Saint. Mankiewicz prøvde også å lage fleire morosame scener og ein meir godhjarta Bond for å tilpasse rolla til Moore sin personlegdom.[3]

Mankiewicz hadde tenkt å gjere Solitaire til ei svart kvinne, med Diana Ross som fyrsteval til rolla.[2] Men Broccoli og Saltzman ville halde seg til den vestlege skildringa til Ian Fleming. Jane Seymour, som var med i fjersynsserien The Onedin Line, vart difor vald til rolla.[3] Yaphet Kotto fekk si rolle medan han heldt på med ein annan film for United Artists, Across 110th Street.[3]

Live and Let Die er den fyrste av to filmar som har med J.W. Pepper, ein sheriff frå Louisiana som vert spela av Clifton James og dukkar opp att i The Man with the Golden Gun. Det er òg den fyrste av to filmar der David Hedison spelar Felix Leiter. Den andre er Licence to Kill, trass i at Leiter andre gonger har vore spela av ulike skodespelarar kvar gong. Hedison sa at «eg var sikker på at det var fyrste og siste gong»,[8] før han fekk rolla att.

Madeline Smith, who played the Italian agent Miss Caruso sharing Bond's bed in the film's opening, was recommended for the part by Roger Moore after he had appeared with her on TV. Smith said that Moore was extremely polite to work with, but she felt very uncomfortable being clad in only blue bikini panties while Moore's wife was on set overseeing the scene.

Dette var den einaste Bond-filmen som ikkje hadde med Q heilt fram til 2002. Det var Desmond Llewellyn som spela han på denne tida, men Llewellyn var oppteken med fjernsynsserien Follyfoot. Han vart likevel skriven ut av tre episodar for å vere med i filmen, men då hadde produsentane allereie avgjort at han ikkje skulle vere med. Dette irriterte Llewellyn.[9]

Filming[endre | endre wikiteksten]

Produksjonen byrja i 1972 med filming i Pinewood Studios, i tillegg til på opptaksstadene New York, New Orleans og Jamaica, som vart brukt til den fiktive øya San Monique.[10] Det vart sagt at produsentane måtte betale ein lokal Harlem-gjeng for å vere sikre på at filmgruppa var trygge. Dersom dei gjekk tom for pengar, vart dei oppmoda om å forlate staden.[11]

Det var Ross Kananga (eigaren av krokodillefarmen) som føreslo hoppinga på krokodilleryggane, og var sjølv den som skulle gjere dette.[2] Dei brukte fem takingar på scena, og i ei av dei prøvde den siste krokodilla å bite Kananga, noko som førte til at buksa hans vart riven opp.[3] Det var òg problem med slangar i produksjonen av filmen. Inspisienten var så redd at ho nekta å vere på settet med dei. Ein av skodespelarane svima også av medan dei filma ei scene der han vert drepen av ein slange. Jane Seymour vart redd då ein av slangane kom nær henne, og Geoffrey Holder gjekk berre med på å dette ned i kista som var full av slangar fordi prinsesse Alexandra, Lady Ogilvy vitja settet.[3]

Båtjakta vart filma på bayouen i Louisiana, med avbrot grunna flaum.[4] Glastron Boat Company bygde 26 båtar til filmen. Sytten av dei vart øydelagde under øvingane.[12] Båthoppscena over bayouen, som vart filma med hjelp av ei spesiallaga rampe, sette utan at det var planlagt ein Guinness World Record på den tida med eit hopp på 110 fot (om lag 35 meter). Uheldigvis gjorde bølgjene etter det fyrste hoppet til at den andre båten kvelva.[3]

Biljakta med dobbeldekkaren vart filma med ein brukt London-buss der den øvste etasjen var fjerna og deretter sett på att, slik at han gjekk på eit kulelager og ville skli av ved eit krasj.[2]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Albumet Live and Let Die.

Sidan John Barry tok ein mellombels pause som komponist for Bond-filmane, var det George Martin som skreiv musikken til denne filmen.

Til opningssongen gjekk Martin saman med tidlegare Beatles-medlem Paul McCartney, som òg hadde vore vurdert til Diamonds Are Forever i 1971. Dette var fyrste gong paret arbeidde saman sidan Beatles-albumet Abbey Road i 1969. Songen var skriven av Paul og kona hans Linda McCartney og framført av Paul og gruppa hans Wings. Han var den fyrste verkelege rock ’n’ roll-songen som opna ein Bond-film. Songen vart ein stor suksess i USA (nr. 2 i tre veker) og i Storbritannia (nr. 9), noko som var dei beste resultata til McCartney på over eit år. «Live and Let Die» var i mange år eit høgdepunkt på konsertane hans, der han brukte både fyrverkeri og laser. I 2005 framførte McCartney òg denne songen under Super Bowl-finalen. I 1991 laga bandet Guns N’ Roses ein coverversjon av songen.

Olympia Brass Band spela ei større rolle i Live and Let Die med jazzgravferdene til to mordoffer. Trompetist Alvin Alcorn spela drapsmannen.

Premiere og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Verdspremieren til filmen vart halden på Odeon Leicester Square i London 6. juli 1973, og deretter kom den vanlege premieren 12. juli 1973. Han vart utgjeven tidlegare i USA, datoen der var 27. juni 1973.[13] Med eit budsjett på om lag 7 millionar USD tente filmen inn 161,8 millionar USD på verdsbasis, der 35,4 millionar var frå USA.[14]

Filmen har rekorden for den mest sette fjernsynssende filmen i Storbritannia med 23,5 millionar sjåarar då han hadde premiere på ITV 20. januar 1980.[15]

Utanom dårleg mottaking av dei etniske stereotypane var filmmeldingane for det meste gode, spenningsscenene vart spesielt rosa,[16][17] og «Rotten Tomatoes» gav filmen 63%, der avstemminga har gått sidan år 2000, noko som gjev filmen ei meir moderne motakking.[18]

Roger Ebert i Chicago Sun-Times uttalte at Moore «har dei overflatiske eigenskapane til jobben: Høflegheita, det spørjande heva augebrynet, at han er roleg i kamp og i senga». Han følte likevel at Moore ikkje heilt greidde å leve opp til arva etter Sean Connery i dei tidlegare filmane. Han meinte skurkane var «litt banale», og la til at filmen «ikkje har nokon Bond-skurk som er verdig tidlegare Goldfinger, Dr. No og Oddjob».[19] Chris Nashawaty meiner på same måten at Dr. Kananga / Mr. Big er den dårlegaste skurken i alle James Bond-filmane til Roger Moore.[20] Filmmeldar i BBC Films William Mager rosa bruken av opptaksstader, men sa at handlinga var «komplisert». Han meinte at «Connery og Lazenby hadde ein eim av gøymd tjuvaktigskap, knyttnevane klare, medan dei sterkaste våpena til Moore er ein sarkastisk kommentar og eit heva augebryn».[21] Filmkritikar Leonard Maltin gav filmen to og ei halv stjerne av fire, og sa at denne «så vidt minneverdige, alt for lange James Bond-filmen verkar som ei orsaking for å filmen ville jaktscener».[22]

IGN rangerte Solitaire som nr. 10 på ei liste over topp 10 Bond-damer.[23] I november 2006 kom filmen på tredjeplass på Entertainment Weekly si liste over dei beste Bond-filmane.[24]

År Resultat Pris Mottakar(ar)
1974 Nominert Oscar for «Beste song» Paul og Linda McCartney
1974 Nominert Oscar for «Beste song skriven for film, fjernsyn eller anna visuelt medium» Paul og Linda McCartney
1975 Vann «Beste film» i Evening Standard British Film Awards Guy Hamilton

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Å leve og la dø» hjå Medietilsynet
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Live and Let Die Ultimate Edition DVD (2006).
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 3,9 Inside Live and Let Die: Live and Let Die Ultimate Edition, Disc 2 (NTSC, Widescreen, Closed-captioned) [DVD]. MGM/UA Home Video.
  4. 4,0 4,1 4,2 Bond 1973: The Lost Documentary - Live and Let Die Ultimate Edition, Disc 2 (NTSC, Widescreen, Closed-captioned) [DVD]. MGM/UA Home Video.
  5. Production notes for Live and Let Die. MI6.co.uk.
  6. Barry King. Interview with Michael Billington. Phase II.
  7. Constance Droganes (2008-10-25). Would you buy Robert Wagner as James Bond?. CTV Television Network.
  8. James Bond 007 :: MI6 - The Home Of James Bond
  9. Intervju med Desmond Llewellyn der han snakkar om Live and Let Die og Follyfoot
  10. Live and Let Die - Location Guide. Mi6.co.uk.
  11. Roger Moore. Live and Let Die Audio commentary 1.
  12. The Seattle Times: Outdoors: Big, gaudy and Bond-like, Seattle Boat Show exhibit cuts to the chase
  13. Live and Let Die - The Premiere & Press. Mi6.co.uk.
  14. Live and Let Die. The Numbers / Nash Information Service.
  15. TV's jewels fail to shine in list of all-time winners. Electronic Telegraph (1998-02-07).
  16. James Bond's Top 20. IGN (2006-11-17).
  17. Norman Wilner. Rating the Spy Game. MSN.
  18. Live and Let Die (1973). Rotten Tomatoes / IGN Entertainment.
  19. «[Moore] has the superficial attributes for the job: The urbanity, the quizzically raised eyebrow, the calm under fire and in bed. […] [The villains are] a little banal. […] [The film] doesn't have a Bond villain worthy of the Goldfingers, Dr. Nos and Oddjobs of the past.» Live and Let Die. Chicago Sun-Times.
  20. Chris Nashawaty, «Moore…And Sometimes Less: A look at the most—and least—memorable bad guys, babes, and Bonds in Roger Moore's 007 oeuvre» i Entertainment Weekly 1025 (12. desember 2008), s. 37.
  21. «Connery and Lazenby had an air of concealed thuggishness, clenched fists at the ready, but in Moore's case a sardonic quip and a raised eyebrow are his deadliest weapons.» – Live and Let Die (1973). BBC.
  22. «[This] barely memorable, overlong James Bond movie seems merely an excuse to film wild chase sequences.»Leonard Maltin (2005) Leonard Maltin's 2006 Movie Guide – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  23. IGN: Top 10 Bond Babes
  24. Benjamin Svetkey and Joshua Rich (2006-11-15). Ranking the Bond Films. Entertainment Weekly.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Filmen Live and Let Die