Filmen Mary Poppins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mary Poppins er ein spelefilm produsert av Walt Disney frå 1964. Filmen er basert på barnebøkene om Mary Poppins, skrivne av Pamela Lyndon Travers. Bøkene og filmen handlar om ein engelsk dagmamma med ein magisk paraply som ho kan flyga med.

Filmen var den femte animasjonsspelefilmen Disney produserte. Han hadde première 27. august 1964 og varer i 133 minutt. Julie Andrews har hovudrolla som Mary Poppins, Dick Van Dyke spelte Bert, David Tomlinson spelte Herr Banks og Glynis Johns spelte Fru Banks.

Filmen inneheldt fleire artige songar, til dømes Supercalifragilisticexpialidocious og A Spoonful of Sugar som har vorte kjende i ettertid. Filmen vart svært populær og fekk heile fem Oscar-prisar. (Han var nominert i 13 kategoriar.) Han har også vorte dubba til norsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]