Filmen Max Manus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Max Manus

Frå innspelinga av Max Manus (2008).
Frå innspelinga av Max Manus (2008).

Opphavsland Noreg Noreg
Språk Norsk
Tysk
Engelsk
Sjanger Drama
Krigsfilm
Biografi
Produsent Sveinung Golimo
John M. Jacobsen
Manus Thomas Nordseth-Tiller
Medverkande Aksel Hennie
Nicolai Cleve Broch
Petter Næss
Agnes Kittelsen
Christian Rubeck
Sjeffotograf Geir Hartly Andreassen
Filmselskap Filmkameratene
Filmformat Super 35, 2,39:1
Utgjevingsår 2008
Budsjett 55 000 000 NOK [1]
Aldersgrense 15 år[2]
Offisiell nettstad
IMDb-profil
Medietilsynet

Max Manus er ein norsk biografisk krigsfilm frå 2008 basert på den verkelege historia om motstandsmannen Max Manus (1914–96). Filmen er regissert av duoen Joachim Rønning og Espen Sandberg, og filmmanuset er skrive av debuterande manusforfattar Thomas Nordseth-Tiller.

Filmen startar ved krigsutbrotet og følgjer Max gjennom den andre verdskrigen og inn i fredssommaren. Filmen hadde eit samla budsjett på 55 millionar norske kroner[1] og er dermed eit av dei dyraste filmprosjekta i Noreg til no. Max Manus vert spela av Aksel Hennie og filmen hadde premiere 19. desember 2008.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha kjempa mot kommunistane i Finland kjem Max heim til eit Noreg som er okkupert av tyskarane. Han stiller seg til disposisjon for motstandsrørsla, og etter ein arrestasjon og ei påfølgjande spektakulær flukt kjem han seg til England.

Frå innspelinga av den norske spenningsfilmen om motstandsmannen Max Manus. Statistar i tidsrette klede og tyske uniformar opptrer på Karl Johans gate i Oslo.
John Erling Blad (2008)

I London vert han teken opp i militæret, og vert spesialagent. Saman med venen Gregers Gram vert han send tilbake til Oslo med oppdrag om å øydeleggje tyske forsyningsbåtar. Han lukkast til overmål takka vere ei blanding av mot og dugleik – og vert snart ein mann Gestapo-leiar Sigfried Fehmer legg seg i selen for å få tak i. Men Max Manus kjem unna. Han var også med i den svært kjende sprenginga av arkiva til arbeidstenesta saman med Gunnar Sønsteby og Gregers Gram i den såkalla Oslo-gruppa.

Stockholm vert eit møtepunkt for nordmenn i den allierte militærtenesta. Gregers introduserer Max for Tikken. Ho arbeider som norsk kontakt for det engelske konsulatet, og etter kvart utviklar dei eit nært venskap som vert viktig for dei begge. Krigen vert stadig meir brutal. Max mistar fleire av dei beste venene sine i kampen mot tyskarane, og han byrjar å klandre seg sjølv for at han er den som overlever. I møte med den tyske gestaposjefen Fehmer opplever Max Manus at dei alle er offer for meningsløysa i krigen.[3]


Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

Hakekorsflagget vart heisa på Stortingsbygningen under filmproduksjonen.
Skodespelar Rolle
Aksel Hennie Max Manus
Agnes Kittelsen Ida Nikoline «Tikken» Lindebrække
Nicolai Cleve Broch Gregers Gram
Knut Joner Gunnar Sønsteby
Petter Næss Martin Linge
Christian Rubeck Kolbein Lauring
Victoria Winge Solveig Johnsrud
Kyrre Haugen Sydness Jens Christian Hauge
Eirik Evjen Sigurd Jacobsen
Jakob Oftebro Lars Emil Erichsen
Pål Sverre Valheim Hagen Roy Nilsen
Julia Bache-Wiig Sykesøster Liv
Mats Eldøen Edvard Tallaksen
Ken Duken Siegfried Fehmer

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Filmen fekk støtte frå Norsk filmfond 3. desember 2007, og opptaka byrja i februar 2008.[4] Med eit budsjett på over 50 millionar NOK var det ein enorm filmproduksjon etter norske standardar. Omkring 1800 statistar var involverte, og om lag 2000 personar arbeidde bak kamera.[5] For å skape eit realistisk inntrykk vart delar av Oslo gjort om til ein utsjånad frå tidleg på 1940-talet. Denne prosessen inkluderte òg heisinga av Nazi-Tyskland sitt flagg på taket på Stortinget fyrste gong på over 60 år.[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Førpremieren 17. desember 2008 var ei stor hending der både kong Harald V og den då 90 år gamle Gunnar Sønsteby, som var ein av motstandskjemparane som var portrettert i filmen, var til stades.[6] Både Sønsteby, den einaste medlemmen av gruppa til Manus som var i live då filmen kom ut, og enkja til Max Manus, Tikken Manus rosa filmen for autentisiteten han hadde.[7] Blant dei andre gjestane var forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og kulturminister Trond Giske.[8]

Per Haddal, filmmeldaren i Aftenposten, gav filmen ein firar på terningen. Han rosa innsatsen til Hennie i rolla som Manus, i tillegg til regien og den høge kvaliteten på produksjonen. Samtidig følte han at formatet til filmen var alt for tradisjonelt og mangla originalitet.[9] Samtidig gav Einar Guldvog Staalesen i NRK filmen ein femmar på terningen. Han poengterte eit par logiske bristar, men generelt syntest han filmen var god og sannferdig.[10] Eirik Alver frå Dagbladet gav også filmen ein femmar og rosa dei tekniske kvalitetane samt skodespelartalentet til Hennie. Likevel følte han at filmen hadde eit tradisjonelt uttrykk, og liknet for mykje på ein Hollywood-produksjon.[11]

Hovudfilmkritikaren i VG, Jon Selås gav også filmen terningkast fem, og kalla filmen eit gripande portrett som er «en påminnelse til nye generasjoner om hva det faktisk har kostet å skape det Norge vi lever i i dag».[12] Mode Steinkjer frå Dagsavisen følgde opp denne kritikken med å rose Aksel Hennie sitt portrett av «eventyraren» Max Manus.[13] Filmmeldaren til TV 2, Geir Jardar Olsen, kalla filmen «tidenes beste norske film», og gav han ein seksar på terningen. Han rosa filmen spesielt for den truverdige og varme portretteringa av tilhøvet mellom Manus og dei medsamansvorne sabotørane, i tillegg til romansen hans med den framtidige kona Tikken.[14]

Filmen vann Folkets Amanda under utdelinga av Amandaprisen i 2009.

Filmmeldingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Spår folkevandring til «Max Manus»-filmen – Filmeksperten på VG Nett, Jon Selås.
  2. Grunngjevinga til Medietilsynet: «Enkelte nærgående skildringer av nedskytninger og tortur i dette krigsdramaet, gjør at denne filmen får 15-årsgrense.» Vurdert 27. november 2008.
  3. Max Manus. Norsk filmfond.
  4. Aksel Hennie skal spille Max Manus. Dagbladet (2007-12-03).
    Joakim Thorkildsen (2008-02-06). Disse skal lage norsk krigsfilm til 50 mill.. Dagbladet.
  5. 5,0 5,1 Erik Møller Solheim (2008-12-13). Tidsmaskinen. Dagbladet.
  6. - Et viktig kapittel i norsk krigshistorie. Verdens Gang (2008-12-17).
  7. Marie L. Kleive (2008-12-17). Kan sette billettrekord. Dagbladet.
  8. Billedspesial. Dagbladet (2008-12-17).
  9. Per Haddal (2008-12-17). Flott,men friksjonsfri. Aftenposten.
  10. Einar Guldvog Staalesen (2008-12-17). Vellykket Max Manus. NRK.
  11. Eirik Alver (2008-12-17). Garantert Kassasuksess. Dagbladet.
  12. Jon Selås (2008-12-18). Stor «Max Manus». VG.
  13. Mode Steinkjer. Max effektiv Manus-film. Dagsavisen.
  14. Geir Jardar Olsen (2008-12-17). Tidenes beste norske film. TV 2.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]