Filmen Stargate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stargate er en science fiction/action-film frå 1994 med Kurt Russell og James Spader i hovudrollene. Filmen la grunnlaget for fjernsynsseriane Stargate SG-1 og Stargate Atlantis, der sistnevnte framleis er under produkjson.

Innhaldsliste

[endre] Handling

Teikning av stjerneporten.

[endre] Stjerneporten

Filmen startar i 1928 då ein mystisk kjempering vert funnen av Professor Langford i Giza i Egypt. Tilbake til notida ber dottera Catherine egyptologen Daniel Jackson (James Spader) om å tyde dei mystiske hieroglyfane på ringen. Jackson vert med til ein militær installasjon innanfor Creek Mountain, Colorado der han ser symbolar som står for stjernekonstellasjonar, koordinatar for forskjellige område i universet. Med ein gjeven sekvens opnar ringen eit ormehol til ein annan stad i galaksen, som ein slags stjerneport.

Oberst Jack O'Neill (Kurt Russel) frå flyvåpenet leiar eit lag som går inn i stjerneporten. Då dei kjem ut på andre sida, finn dei at dei har hamna inne i ein pyramide midt i ein ørken. Dei saknar ein del av koordinatane til å kome attende til jorda og må slå leir i pyramiden.

[endre] Ra

Jackson og eit par andre oppdagar ein landsby like ved, der innbyggjarane trur dei er utsendte frå guden Ra. Jackson forsøkjer å kommunisere med dei, og oppdagar at dei snakkar ei form for eldgammal egyptisk dialekt. Medan han går i katakombene, oppdagar Jackson at Ra i røynda er ein alien som nytta menneska som slavar og transporterte nokre av dei til denne planeten. Då menneska på jorda gjorde opprøyr mot Ra og gravde ned stjerneporten, forbaud Ra slavane på den andre planeten å lesa og skriva for å hindre at dei og gjorde opprøyr.

Pyramidelaget oppdagar steinen som gjev den naudsynte kordinaten heim og Jackson og dei andre skynder seg attende til pyramiden. Samstundes kjem eit stort flygande farkost og landar på pyramiden. Alle på laget vert så drepne eller tekne til fange. Jakson og O'Neill vert tekne til tronrommet til Ra som avsløyrer at han kjem til å sende ein hydrogenbombe til jorda (den same bomba O'Neill skulle montere på stjerneporten om dei kom i trøbbel) O'Neill pøver å avvepne vaktene og ta livet av Ra, men stoggar då Ra nyttar tenarane sine som menneskjeleg skjold. Ra trugar med å drepe resten av laget og alle som har sett han, om ikkje Jackson sjølv drep dei for å vise innbyggjarane at Ra er ein gud.

[endre] Klimaks

Etter at Ra har samla alle innbyggjarane framfor pyramiden, avsløyrer nokre ungdommar at dei har våpna som ekspedisjonslaget hadde teke med seg. Ungdommane distraherer Ra, medan Jackson, O'Neill og dei andre flyktar. Jackson fortel innbyggjarane neste dag at Ra ikkje er gud og difor ikkje udøyeleg. Med deira hjelp dreg Jackson og O'Neill tilbake til stjerneporten for å deaktivera bomba. Når lokalbefolkninga gjer opprøyr mot Ra, flyktar han tilbake til farkosten og lettar. O'Neill teleporterer bomba til farkosten til Ra, som eksploderer ute i verdsrommet.

[endre] Etterspel

O'Neill og resten av ekspedisjonslaget returnerer attende til jorda, medan Jackson vert attende på planeten for å hjelpe innbyggjarane der å byggje opp igjen samfunnet deira. Daniel Jackson returnerer til Jordi/Tellus etter eitt år, og det er da SG-1 serien startar.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk