Filmfestivalen i Cannes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dennis Hopper, Giovanna Mezzogiorno, Wim Wenders og Milla Jovovich presenterer filmen Palermo Shooting ved filmfestivalen i Cannes i 2008.

Filmfestivalen i Cannes er ein velkjend internasjonal filmfestival. Han har blitt halden årleg i den sørfranske byen Cannes sidan 1946, med nokre få unntak. Festivalen er eit samlingspunkt for filmskaparar, distributørar, skodespelarar og andre personlegdommar.

Kvart år blir det delt ut fleire prisar under festivalen. Den mest prestisjefylte er Palme d'Or (Gullpalmen) for beste film. Festivaljuryen er sett saman av ei lita gruppe internasjonale filmpersonlegdommar. Han står også bak fleire andre prisar, som Grand Prix. I tillegg blir det delt ut nokre uavhengige prisar.

Datoane for festivalen i 2010 er 12. til 23. mai. Jurypresident er den amerikanske regissøren Tim Burton.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Filmfestivalen i Cannes
Spire Denne filmartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.