Filmserien Pirates of the Caribbean

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om filmserien. For franchisen, sjå Pirates of the Caribbean. For anna bruk, sjå Pirates of the Caribbean (fleirtyding).

Pirates of the Caribbean er ein filmserie med fantasy, eventyr og komedietrekk produsert av Jerry Bruckheimer og basert på Walt Disney sin moroparktur med same namn.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Opphavleg trilogi[endre | endre wikiteksten]

Pirates of the Caribbean: The Curse of the Black Pearl (2003)[endre | endre wikiteksten]

Byrjinga på soga introduserer guvernørdottera Elizabeth Swann (Keira Knightley), den skipbrotne Will Turner (Orlando Bloom), sjørøvarkapteinen utan skip, Jack Sparrow (Johnny Depp), og ein mystisk medaljong. Då Elizabeth blir kidnappa av sjørøvarar frå skipet «Black Pearl», dreg Will og Jack etter dei -- Will for å redda kvinna han elskar, Jack for å ta tilbake skipet sitt. Styrkane til guvernøren er også på leit etter sjørøvarar, for å fanga og henga dei. Desse er leia av kommandør Norrington, som ønskjer å gifta seg med Elizabeth.

Det viser seg at mannskapet på «Black Pearl» lir under ei forbanning som gjer dei udødelege, men også utan evne til å kjenna noko, fordi dei stal ein gullskatt. Dei prøver no å heva forbanninga ved å levera tilbake alle gullstykka, og medaljongen, som både Will og Elizabeth har hatt, er det siste. I eit oppgjer hever Will forbanninga like etter at Jack har skote mannen som gjorde mytteri og tok skipet hans, kaptein Barbossa. Dei møter guvernøren og hans menn som vil henga Jack, men han blir verna av Will og Elizabeth, som vel kvarandre og sjørøvarlivet.

Pirates of the Caribbean: Dead Man's Chest (2006)[endre | endre wikiteksten]

Jack Sparrow har gjeld til den legendariske Davy Jones (Bill Nighy), kapteinen på det fordømte spøkelsesskipet «Den flygande hollendaren», som har makt over sjøuhyret Kraken som må betalast tilbake. Samstundes gjer Det britiske austindiakompaniet framstøyt i Karibia, noko som fører til at Will og Elizabeth blir arresterte like før dei skal gifta seg. «Dead Man's Chest» er sentralt i filmen. Dette er eit skrin som inneheld hjartet til Davy Jones, og gjev kontroll over både han og verdshava til eigaren.

Filmen fekk mykje skryt for spesialeffektane sine, men blei kritisert for å ha ei for innvikla handling.

Pirates of the Caribbean: At World's End (2007)[endre | endre wikiteksten]

Will og Elizabeth slår seg saman med den gjenoppståtte Kaptein Barbossa for å finna Jack Sparrow ved verdas ende. I denne filmen slost verdas sjørøvarar mot Austindiakompaniet, men også mot kvarandre.

Oppfylgjarar[endre | endre wikiteksten]

Pirates of the Caribbean: On Stranger Tides (2011)[endre | endre wikiteksten]

Når Jack møter på ei kvinne frå fortida si (Penelope Cruz), er han ikkje sikker på om det er kjærleik, eller om ho er ei omsynslaus bedragarinne som utnyttar han for å finne Ungdomskjelda. Ho tvingar han ombord på Queen Anne's Revenge, skipet til piraten Svartskjegg (Ian McShane), så er Jack plutseleg midt i eit uventa eventyr der han ikkje veit kven han skal frykte mest: Piraten Svartskjegg eller kvinna frå fortida hans.

Pirates of the Caribbean: Dead Men Tell No Tales (2016)[endre | endre wikiteksten]

I oktober 2011, bekrefta Jerry Bruckheimer at dei jobba på scriptet. I mai 2013 rapporterte Deadline.com at Fredrik Bond, Rupert Sanders, Joachim Rønning og Espen Sandberg skulle regissere filmen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]