Filoksenoscisterna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det indre av cisternen.

Filoksenoscisterna (gresk Κινστέρνα Φιλοξένου ) eller Binbirdirekcisterna er eit underjordisk vassreservoar i Istanbul, mellom Konstantinforumet og Konstantinopelhippodromen i bydelen Sultanahmet. Cisterna er restaurert og i dag ein turistattraksjon.

Cisterna vart bygd under eit palass, ofte identifisert som Antiokhospalasset frå 400-talet. Reservoaret har ei flate på 3640 m2 og kan lagre 40 000 m3 vatn. Cisterna består av eit stort stylkammer støtta av kvelving. Dei 224 søylene, som kvar er 14 til 15 meter høge, er laga av marmor frå den nærliggande Marmaraøya.

Cisterna vart restaurert av Justinian I på 500-talet, etter at palasset hadde brunne ned under ein brann i 475. Etter at osmanarane erobra Konstantinopel i 1453 vart cisterna gløymd og først oppdaga på ny under bygginga av palasset til Fazli Pasja på same stad på 1600-talet.

Namnet Binbirdirek tyder på tyrkisk 1001 søyler, sjølv om det verkelege talet berre er 224.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Cistern of Philoxenos» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2012.
  • Alexander Kazhdan (éd.), The Oxford Dictionary of Byzantium, 3 vols., Oxford University Press, 1991 (ISBN 0-19-504652-8), s. v. Constantinople, Monuments of : Cisterns, vol. 1, 518-519 ;
  • Wolfgang Müller-Wiener, Bildlexikon Zur Topographie Istanbuls: Byzantion, Konstantinupolis, Istanbul Bis Zum Beginn D. 17 Jh, Wasmuth, Tübingen, 1977 (ISBN 3-8030-1022-5), 280-281.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Filoksenoscisterna

Koordinatar: 41°0′27″N 28°58′28″E