Filologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Filolog)
Den danske filologen Johan Ludvig Heiberg (1854-1928) i 1918.
Filologistudentar i Vilnius i 2009.

Filologi (frå gresk φιλολογία, philologia, 'kjærleik til ord, tale') er vitskapen om språket og litteraturen til eit folk, til dømes klassisk filologi og germansk filologi. Språkstudiet i seg sjølv, lingvistikken, er ein av fleire vitskapar som har basis i filologien.

Opphavleg vart ordet brukt einstydande med klassisk filologi, vitskapen om språket, litteraturen og kulturen til dei gamle grekarane og romarane. I dag bruker ein ordet om språkstudium som heile, om hermeneutikk (fortolking), om oldtidskunnskap og om historiske studie av litteratur.

Ein filolog arbeider ofte ved undervisings- og forskningsinstitusjonar, på bibliotek, i media, forlag, museum eller i offentleg administrasjon.

Fagområde innan filologi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«filologi» i Store norske leksikon, snl.no.