Fimbulheimen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 72°00′S 005°30′E
Fimbulheimen
fjellkjede
none  Drygalskifjella ligg i Fimbulheimen
Drygalskifjella ligg i Fimbulheimen
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 72°00′S 005°30′E
Administrert under Antarktistraktaten
Fimbulheimen is located in Antarktis
Fimbulheimen (Antarktis)

Fimbulheimen er ei fjellkjede i Dronning Maud Land i Antarktis. Ho strekkjer seg frå Jutulstraumen til Carsten Borchgrevink-isen kring 200 km frå iskanten. Fimbulheimen ligg dermed mellom Maudheimplatået og Sør-Rondane.

Det høgaste fjellet i Dronning Maud Land, Jøkulkyrkja (3148 moh), lligg i Mühlig-Hofmannfjella i Fimbulheimen. Namnet kjem frå Fimbulvinter, den harde vinteren som kjem før Ragnarok i norrøn mytologi.

Den norske forskingsstasjon Troll ligg ved Jutulessen heilt ved i Fimbulheimen, medan den ornitologiske feltstasjonen Tor lig kring 100 km lenger aust ved Svarthamaren i Mühlig-Hofmannfjella.

Store delar av området vart kartlagd av den norske antarktisekspedisjonen 1956-60. Norsk Polarinstitutt har publisert tolv kart av Fimbulheimen i skala 1:250 000.[1]

Fimbulheimen er samansett av ei rekke mindre fjellkjeder og fjellparti, frå vest mot aust:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mapping of Dronning Maud Land, Norsk Polarinstitutt