Fimbulisen i Antarktis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om isen i Dronning Maud Land. For isen på Svalbard, sjå Fimbulisen.
Koordinatar: 70°30′S 0°10′W
Fimbulisen
isbrem
none  Den første straummåladen under Fimbulisen vart sett ut i desember 2009 i prosjektet Fimbulisen - fra topp til tå.  Foto: Fimbulisen - fra topp til tå
Den første straummåladen under Fimbulisen vart sett ut i desember 2009 i prosjektet Fimbulisen - fra topp til tå.

Foto: Fimbulisen - fra topp til tå
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 70°30′S 0°10′W
Lengd 190 km
Breidde 95 km
Areal 41 000 km²
Administrert under Antarktistraktaten
Fimbulisen i Antarktis is located in Antarktis
Fimbulisen i Antarktis (Antarktis)

Fimbulisen er ein stor isbrem ved kysten av Dronning Maud Land i Antarktis. Han er omtrent 41 000 km² i utstrekking og ligg på den austre delen Kronprinsesse Märtha Kyst frå 3° vest til 3° aust. Fimbulisen får næring frå isbreen Jutulstraumen, liggjande mellom Maudheimvidda og Fimbulheimen.

Isbremmen vart flyfotografert under den tyske antarktisekspedisjonen 1938–39 og kartlagt av norske kartografar basert på undersøkingar og flyfotografering frå Maudheimekspedisjonen 1949–1952 og Den norske antarktisekspedisjonen 1956–60.

Dei største isbremmane i Antarktis.

Foto: National Snow and Ice Data Center

Den norske forskingsstasjonen Norway Station vart oppført her i samband med det internasjonale geofysiske året 1957/58. Stasjonen vart overteke av Sør-Afrika i 1959 og omdøypt til SANAE (South African National Antarctic Expedition). Denne basen har vorte erstatta av nye basar to gonger, SANAE II og SANAE III. SANAE III vart stengt for vinterbemanning i 1994 fordi han over åra hadde vorte gravlagd under store mengder snø. Den noverande sørafrikanske forskingsstasjonen, SANAE IV, vart flytta kring 200 km inn på kontinentet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]