Fingolfin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fingolfin er namnet på ein alvekonge i J.R.R. Tolkiens legendarium, og han spelar ein viktig rolle i Silmarillion. Han er yngre bror av Fêanor, og eldste son av kong Finwë og andre kona hans, Indis av Vanyafolket. Etter Fëanors opprør, vart han kanna som konge over noldofolket i Midgard og vart den første høgkongen der.

I Silmarillion[endre | endre wikiteksten]

Fingolfin vart fødd i Valinor som eldste son av Finwë og Indis. Det var aldri god stemning mellom han og Fëanor, men Fingolfin var rekna som både edel og lojal mot faren og broren. Då Melkor vart frigjeven etter tre æver i fangenskap, sette han brørne opp mot kvarandre, og Fëanor drog sverd mot Fingolfin i Tirion. Etter dette vart Fingolfin hovdingen over alvane i Tirion, og han slutta seg og til opprøret og reiste til Midgard etter eggjinga frå Fëanor, sidan han hadde svore å vera "heil bror i ånd".

Men Fëanor sveik følgjet til Fingolfin, som laut våge folket sitt over den kvernande isen Helcaraxë med store tap. Han reiste nord til Hithlum og sette opp riket sitt der, når han først var komen til Midgard. Derifrå heldt han vakt over Morgoth, og var den første i åtaka mot han når det kom til slag. Fingolfin gjorde mykje for å sameine noldofyrstane att etter at Fëanor var daud.

Dagor Bragollach[endre | endre wikiteksten]

Fingolfin vart dermed øvste leiar for noldofolket i "bråeldslaget", der mange av frendene hans fall. Sistpå vart Fingolfin ustyrleg, då han såg at noldoane var ved å tapa slaget, og han reid fram for å utmane Morgoth til tvekamp. Morgoth synte seg, og Fingolfin kjempa mot han og gav han mange sår. Enden vart likevel at han vart krasa til marka, og let livet sitt framfor dørene til Thangorodrim. Lekamen hans vart boren bort av storørna Thorondor.

Fingolfin var far til Fingon, som var konge etter han, Turgon, kongen i Gondolin, og Aredhel, som var mor til Maeglin.

Tidleg legendarium[endre | endre wikiteksten]

Sidan Turgon opphavleg var tenkt som son av Finwë, finst det få beine spor etter Fingolfin i the Book of Lost Tales. Heile Fëanors frendesvik, og rolla Fingolfin spelar i seinare tekster, kom først til seinare.

I den neste versjonen frå Tolkiens hand, The early Silmarillion, forfatta om lag 1926, finn namnet Fingolfin første gong, som son av Fëanor og soneson av Finn (Finwë). Namnet Golfin eller Golfinweg hadde vore til stades i versjonar av Lost tales før denne tida. Det er tydeleg at Finweg/Golfinweg var kimen til denne figuren.