Finkefamilien
| Finkefamilien | ||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Fringillidae | |
| Vitskapleg namn | ||
| Fringillidae | ||
Finkar er ca. 200 artar av sporvefuglar i familien Fringillidae. Dei er hovudsakleg frøetande songfuglar. Dei fleste lever på den nordlege halvkula, men ein underfamilie er endemisk til den neotropiske regionen, ein til Hawaii, og ein underfamilie - monotypisk på genus-nivå - finst berre i den palearktiske regionen. Det vitskaplege namnet Fringillidae kjem frå det latinske ordet 'fringilla' for bokfink (Fringilla coelebs) - ein medlem av den siste underfamilien - og han er vanleg i Europa.
Mange fuglar i andre familiar har òg ofte vore kalla finkar. Til dømes praktfinkar for astrildar i fangenskap, og darwinfinkar på Galapagosøyane, som gav prov på naturleg utval, er no anerkjente for å vere busksporvar. Vierfink er ein art utan nærskylte og er si eiga slekt og eigen distinkte familie Urocynchramidae.
Nokre finkeartar blir smugla over landegrenser og selt som eksotiske kjæledyr.
[endre] Skildring
Dei klassiske finkane varierer i storleik frå paramosisik på 9,5 centimeter og 8,4 gram til gullkjernebitar med sine nesten 23 cm og 80 g. Dei har vanlegvis kraftige, korte nebb, som blant nokre artar kan vere ganske store, men hawaiifinkar er kjente for det breie spektret av nebbformer og storleikar utvikla gjennom adaptiv stråling. Alle finkar har 9 utvikla handsvingfjører, primærer, det mest vanlege er 10 primærer for andre sporvefuglar. Den grunnleggjande farga på fjørdrakta er brunleg, nokre gonger grønaktig, og mange har store mengder svart, medan kvit fjørdrakt er generelt fråverande unntatt som vengeband eller andre signalmerke. Lyst gult og raudt karotenoidpigment er vanleg i denne familien, og dermed er blå strukturelle farger er ganske sjeldne, ettersom det gule pigmentet slår den blå farga over til grønt. Eit unntak er blåfink. Mange, men slett ikkje alle finkar har sterk kjønnsdikromatisme, hoene manglar vanlegvis dei lyse karotenoidteikningane som hannar blant mange artar har.[1]
Typiske habitat for finkar ligg i skogsområde, men nokre kan leve høgt til fjells og jamvel i ørkenar. Dei er primært frøetarar, men eufoniaer og klorofoniaer inkluderer betydelege mengder leddyr og bær i dietten, og hawaiifinkar har utvikla seg til å nytte eit breitt spekter av matkjelder, inkludert nektar. Dietten til finkeungar inneheld ei varierande mengd små leddyr. Finkar har ein hoppande flukt som dei fleste andre små sporvefuglar, med vekslande utbrot av kraftige vengeslag følgt av glideflukt med lukka venger. Dei fleste syng bra, og fleire blir ofte haldne som burfuglar; mest kjent av desse er den domestiserte kanariirisk. Dompap har tydelege og korte songstrofer, men fuglane er kjente for å lære andre songar som dei hører. Dompapar syng lærde songar med presisjon sjølv om dei ligg ein halvtone høgare enn melodien opphavleg plystra til dei.[2] Reira er kurvforma og blir vanlegvis bygd i tre, meir sjeldan i buskar, mellom steinar eller på liknande underlag.[1]
[endre] Artslista
Finkar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [4]
|
Slekt Fringilla
Slekt Euphonia, 27 artar av eufoniaer Slekt Chlorophonia, 5 artar av klorofoniaer Slekt Leucosticte, 7 fjellfinkar Slekt Pyrrhoplectes
Slekt Callacanthis
Slekt Rhodopechys
Slekt Bucanetes
Slekt Rhodospiza
Slekt Pinicola Slekt Carpodacus, 21 rosenfinkar Slekt Haematospiza
Slekt Uragus
Slekt Chloris
Slekt Loxia
Slekt Acanthis
Slekt Carduelis
Slekt Linurgus
|
Slekt Pseudochloroptila
Slekt Alario
Slekt Pyrrhula
Slekt Neospiza
Slekt Rhynchostruthus
Slekt Coccothraustes
Slekt Eophona
Slekt Mycerobas
Slekter av hawaiifinkar:
|
|
[endre] Noreg
Familien har ei rekkje representantar i Noreg, desse er:
- Bokfink, Fringilla coelebs
- Bjørkefink, Fringilla montifringilla
- Konglebit, Pinicola enucleator
- Rosenfink, Carpodacus erythrinus
- Grønfink, Chloris chloris
- Furukrossnebb, Loxia pytyopsittacus
- Grankrossnebb, Loxia curvirostra
- Bandkrossnebb, Loxia leucoptera
- Gråsisik, Acanthis flammea
- Brunsisik, Acanthis cabaret
- Polarsisik, Acanthis hornemanni
- Grønsisik, Spinus spinus
- Stillits, Carduelis carduelis
- Bergirisk, Carduelis flavirostris
- Tornirisk, Carduelis cannabina
- Dompap, Pyrrhula pyrrhula
- Kjernebitar, Coccothraustes coccothraustes
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Finch» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2011
[endre] Referansar
-
- Birkhead, Tim (2011-03-07). The Wisdom of Birds: An Illustrated History of Ornithology. Bloomsbury Publishing PLC. ISBN 0747598223.
- Clement, Peter; Harris, Alan & Davis, John (1993): Finches and Sparrows: an identification guide. Christopher Helm, London. ISBN 0-7136-8017-2
- Newton, Ian (1973): Finches (New Naturalist series). Taplinger Publishing. ISBN 0-8008-2720-1
- ↑ 1,0 1,1 Newton (1973), Clement et al. (1993)
- ↑ Birkhead, Tim (2011)
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
[endre] Bakgrunnsstoff
- Videoar, bilete og lydopptak av finkar hos Internet Bird Collection