Finland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Suomen Tasavalta
Republiken Finland

(norsk: Finland, finsk)

Det finske flagget Det finske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Maamme/Vårt land»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Finland
Offisielle språk Finsk og svensk
Hovudstad Helsingfors (finsk: Helsinki)
Styresett
Republikk
Tarja Halonen
Jyrki Katainen
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
338 145 km² (64.)
9,4 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
5 262 930 (115.)
15,6 /km² (162.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anarkjent
Frå Russland
6. desember 1917
4. januar 1918
Nasjonaldag 6. desember
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
187 600 mill. USD (55.)
35 300 USD (26.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +2
Telefonkode +358
Toppnivådomene .fi


Republikken Finland eller berre Finland (finsk: Suomen Tasavalta eller Suomi) er eit land i Norden. Finland har sidan 1995 vore medlem av EU og er det første og einaste nordiske landet som har innført euro som valuta.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Finland sitt nesten 700 år lange fellesskap med det svenske kongedømet byrja i 1154 da kristendommen vart innført av den svenske kong Erik. I denne perioden vart svensk det dominerande språket. Etter at det finske nasjonale eposet Kalevala vart utgjeve og med etterfølgjande finsk nasjonalisme i det 19. hundreåret, vart finsk på nytt dominerande.

I 1809 vart Finland erobra av tsar Aleksander I av Russland og var deretter eit autonomt fyrstedøme, med den russiske tsaren som fyrste av Finland, knytt til det russiske imperiet fram til slutten av 1917. Landet fekk for fyrste gongen eigne pengar (finske mark, i 1860) og eigne frimerke (1856) og eige parlament (1906). Den 6. desember 1917, kort tid etter den russiske revolusjonen, erklærte Finland seg uavhengig. I 1918 opplevde landet ein kort og svært bitter borgarkrig mellom «raude» kommunistar og «kvite» borgarlege som kom til å prege landet i åra etter. Dei kvite vann. Den tyske prins Karl Friedrich av Hessen vart vald til finsk konge under namnet Väinö 1., men han kom aldri til Finland, då Tyskland tapte krigen. I 1939 stilte Sovjetunionen territoriale krav på Finland, noko som vart avvist og Finland vart difor angripe i den finske vinterkrigen.

Under den 2. verdskrigen kjempa Finland mot Sovjetunionen to gonger: Første gong i Vinterkrigen frå 1939–1940 og på ny i den finske framhaldskrigen 1941–1944. Den sistnemnde krigen vart følgd av Lapplandskrigen i 1944–1945 der Finland kjempa mot Nazityskland etter at tyskarane trekte attende troppane sine frå Nord-Finland.

Traktatar underskrivne i 1944, 1947 og 1948 med Sovjetunionen inneheldt sterke forpliktingar for landet, samt ei rekke krav for landet sine territorialgrenser. Etter at Sovjetunionen vart oppløyst vart det mogleg for Finland å føre ein annleis utanrikspolitikk, og landet vart medlem av EU i 1995.

[endre] Politikk

Finland er ein republikk. Republikken blir leia av presidenten som blir valt i to omgangar for ei seksårsperiode. Presidenten har mellom anna som oppgåve å stadfeste lover og å lede utanriks- og tryggingspolitikken saman med regjeringa.

Finland er eit semipresidentielt demokrati med ein folkevalt riksdag. Val blir haldne kvart fjerde år i mars. Regjeringa i Finland blir kalla statsrådet (valtionneuvostofinsk) og blir leia av ein statsminister. Etter riksdagsvalet utnemner presidenten ein statsministerkandidat til riksdagen som enten godkjenner kandidaten eller forkastar forslaget. Etter dette blir statsministeren utnemnd av presidenten, og saman utnemner dei regjeringa som seinare må godkjennast av riksdagen.

[endre] Demografi

Det er to offisielle språk i Finland: finsk, som blir snakka av 91,2 % av finnane, og svensk, snakka av finlandssvenskane, som utgjer 5,46 % av folkesetnaden. Dei samiske språka har vore offisielle språk i heimtraktene til samane sidan 1992. I nord er det rundt 7 000 personar som snakkar samisk.

Dei fleste finnar (84 %) er medlem av den evangelisk-lutherske kyrkja. 1 % er medlem av den ortodokse kyrkja. 14 % er ikkje medlem i noko trussamfunn. Resten inkluderer andre protestantiske kyrkjesamfunn, katolikkar, muslimar og jødar.

Etter Vinterkrigen der Sovjetunionen okkuperte og annekterte viktige delar av Finland, måtte 12 % av folkesetnaden i Finland finne seg ein ny stad å bu. Krigsskadeerstatningar landet vart pålagt, arbeidsløyse, og usikkerheit om landet ville klare å forbli fritt, førte til omfattande utvandring som først byrja minke på 1970-talet. Inntil da hadde ein halv million finnar emigrert, fyrst og fremst til Sverige. Halvparten av desse har seinare drege tilbake til Finland.

[endre] Geografi

For meir om dette emnet, sjå Finsk geografi.

Finland grensar i vest til Bottenvika/Ålands hav og i sør til Finskebukta. Landet grensar i nord til Sverige, Russland og Noreg. I sør over Finskebukta ligg nabolandet Estland. Finland har ein 1 250 kilometer lang kyst mot Austersjøen som strekkjer seg frå Finskebukta i sør til Botnvika i nord.

Finland blir kalla «dei tusen sjøars land», noko som stemmer godt, sidan det er meir enn 60 000 sjøar i landet. Det meste av Finland ligg under 200 moh. og det høgaste fjellet er Halditjocko (fi. Halti) på 1 328 moh.

[endre] Len

Finland er delt inn i seks len (sv. län, fi.lääni).

Åland har sjølvstyre, utanom i militære og utanrikspolitiske sakar. Åland er ei demilitarisert sone.

Finland er vidare delt inn i 20 landskap og 416 kommunar (i byrjinga av 2007, fleire kommunesamanslåingar står for døra).

Kart over Finland


[endre] Klima

Med alle sine innsjøar har Finland nesten eit maritimt klima, men dei store luftmassane frå nabolandet Russland i aust er aldri langt borte. Både dei høge breiddegradene og Atlanterhavet gjer at det aldri vert særleg varmt om sommaren, og temperaturen går sjeldan over 26 °C. Temperaturskilnadane mellom nord og sør er forholdsvis små, og varmerekorden i Lappland er like høg som i Helsingfors. Det går gjerne to-tre dagar mellom kvar regnbyge i snitt, og i sommarmånadane er ikkje torevêr uvanleg, men ein har òg mykje sol. Om hausten tar nedbøren seg litt opp, men hausten varer ikkje spesielt lenge, og regnet går raskt over til snø, spesielt i nord. Frå januar av klarar den kalde sibirlufta å halde atlanterhavslufta borte, og Bottenvika og sjøane i Finland frys til. Sjølv sørvestlege kystområde av Finland, som midtvinters ligg nærast ope hav, har om lag dei same temperaturforholda som Moskva om vinteren. Det snør ofte gjennom vintermånadane, men snøen er som regel lett, medan temperaturane sjeldan kjem over frysepunktet. Kaldast er det i nord, og det snør lettare her. Snødekket er derimot djupare på grunn av mindre tining og lengre snøsesong. Lappland er det kaldaste området, sjølv om dei fleste stadene i Finland har vore under -30 °C. Våren er den tørraste tida på året, med ein god del sol. Snøen smeltar frå nord til sør i løpet av april og mai, og temperaturen byrjar å bli så pass høg at ein ikkje treng tjukke klede for å nyte sola utandørs. Finland har større sjanse for tåke enn nabolanda, særleg langs kysten, og i enkelte byar er det tåke opp til åtte dagar i månaden. Om våren er det derimot færre tåkedagar. Helsingfors har ein årleg nedbørsnormal på 688 mm.

[endre] Økonomi

Finland har ein høgt industrialisert marknadsøkonomi med eit bruttonasjonalprodukt per innbyggjar på nivå med England, Frankrike, Tyskland eller Italia. Hovudnæringane er tre- og papirindustri, telekommunikasjon, maskin og elektronikkindustri. Eksport utgjer nesten ein tredel av bruttonasjonalproduktet. Utanom tømmer og ein del mineral så er Finland avhengig av råvareimport. Finland har eit underskot på energikjelder og importerer mykje olje.

Med bakgrunn i klimaet er landbruket konsentrert om å vere sjølvforsynt i dei grunnleggjande matvarene. Skogdrift som er ei viktig eksportnæring er eit alternativ til landbruk for folk i distrikta.

Ein sterk auke i integrasjonen mellom landa i Vest-Europa har ført til at Finland var eit av dei elleve landa som innførte Euro som valuta den 1. januar 1999. Det er forventa at denne integrasjonen vil halde fram dei neste åra og dominere det økonomiske biletet i landet.


[endre] Sjå au

Grand duchy of finland 1662.jpg


[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Finland


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk