Finlandia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finlandia er eit symfonisk dikt av Jean Sibelius. Den første versjonen vart skrive i 1899, og vart revidert i 1900. Stykket vart komponert for å styrke patriotiske kjensler og for å mobilisere opposisjonen for fridom for Finland mot styret frå det russiske tsar-dømet.
Det siste hymnet av Finlandia vart seinare eit utgangspunkt for Finlandia hymnen.
Melodien til Finlandia vart i 1967 nytta som nasjonalsong for Biafra, Land of the Rising Sun. Han har òg vore melodi til salmesong i fleire land til dømes i England for den kristne salmen Be Still, My Soul.
[endre] Finlandiahymnen
Dette er teksten Veikko Antero Koskenniemi satte til hymnen i 1941, og som vert nytta i Finland i dag.