Finlandshette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulike typar bruk av finlandsshette.
Amerikansk marinesoldat i Afghanistan med finlandshette.
Demonstrant med finlandshette.

Finlandshette eller balaklava er eit hovudplagg som dekkjer heile hovudet bortsett frå fjeset, eller mange gonger berre viser augo. Hettene er tradisjonelt av ull, men kan òg lagast av andre material. Dei kan normalt rullast opp slik at dei kan brukast som ei vanleg lue dersom det ikkje er naudsynleg å dekka heile hovudet.

I Noreg vert plagget gjerne kalla finlandshette. Grunnen til dette er ikkje kjent, men det er mogleg at det kom til landet frå Finland. Ordet balaklava er blitt meir vanleg i Noreg, særleg etter at den finske ambassaden oppfordra avisene til ikkje å kalla dei finlandshetter, fordi hettene gjerne vert forbunde med forbrytarar og politiske aktivistar som vil skjula identiteten sin. Balaklava-namnet kjem frå byen Balaklava på Krimhalvøya. Under Krimkrigen strikka engelske kvinner mange slike hetter for å hjelpa soldatane til å halda ut i kulda.

Mange spesialstyrker, både innan militæret og politiet, brukar òg hettene. Plagga er då gjerne laga i spesielle flammehemmande material som vernar brukaren både mot flammar og mot å bli attkjend.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Finlandshette