Finleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Finleik er ei nemning for kor mange vekteiningar edelt metall (reint gull, sølv eller platina) ei legering inneheld pr. tusen vekteiningar. Dagens norske finheitsstandard er definert i «lov av 6. juni 1891 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling» og svarar til liknande lover og reglement for heile EU- og EØS-området.

Følgjande finleiksstandardar blir tillate stempla:

1. For gull: 916, 750 og 585

2. For sølv: 925 og 830

3. For platina: 950

Berre varer som tilfredsstiller dei krav ovanfor kan kallast gull, sølv eller platina.

Tidlegare vart nemninga «karat» òg nytta om reinleiks- eller finleiksgraden i edelmetall og anna metall, men i dag er karat ei rein vektnemning for perler, diamantar og andre edelsteinar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]