Finn Alnæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Finn Alnæs
Nasjonalitet Norsk
Fødd 20. januar 1932, Bærum
Død 3. november 1991 (59 år), Lillehammer
Periode 1963-1991
Debut Koloss

Finn Alnæs (20. januar 19323. november 1991) var ein norsk forfattar.

Finn Alnæs var fødd i Bærum. I 1963 debuterte han med romanen Koloss, som vann ein nordisk romankonkurranse. Han fekk òg prisar for fleire av romanane han skreiv seinare, mellom anna Kritikarprisen i 1968 for Gemini.

Alnæs var oppteken av naturvern og friluftsliv. Han bidrog òg i samfunssdebattar med fleire engasjerte artiklar og essay om ulike tema.

Forfattaren døydde på Lillehammer i 1991.

Verksliste[endre | endre wikiteksten]

  • Koloss ; Brage Bragessons skrift, 1963
  • Gemini, 1968
  • Festningen faller, 1971
  • På frihetens pinebenk : en prosess, 1972
  • Naturkatedral : en opplevelse i ord og bilder, 1976
  • Svart snø eller samvern : dokumentarbok fra en brytningstid, 1976
  • Musica, 1978
  • Dynamis, 1982
  • Restdjevelens karneval, 1992

Prisar og heider[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]