Finn Arnesson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gerhard Munthe:Finn Arnesson setter spydodden for brystet på Tore Hund, (1899) i Soga om Olav den heilage

Finn Arnesson (d. ca. 1065) var ein norsk stormann, av arnmødlingætta.

Finn var ein lojal alliert av Olav den heilage. I forteljinga om slaget på Stiklestad vert han sett opp mot broren Kalv. I Magnus den godes år som norsk konge høyrer ein ikkje om Finn Arnesson. Derimot spela han ei viktig rolle i Harald Hardrådes styringstid. I den fyrste tid var dei to vel forlikte, men vart seinare uvener. Finn for då til Danmark og gjekk i allianse med kong Svein Estridsson, som gjorde han til jarl i Halland. Under Nisåslaget i 1062 vart han fanga, men kong Harald gav han grid.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952.