Finn Bergesen jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Bergesen jr.

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. september 1945
Bergen
Død

11. september 2012 (67 år)

Yrke jurist, forretningsdrivande
Finn Bergesen jr. på Commons

Finn Bergesen jr. (3. september 194511. september 2012)[1] var ein norsk jurist og næringslivsleiar. Frå 1999 til 2009 var han administrerande direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Finn Bergesen vart fødd i Bergen, og han var utdanna jurist frå 1973. Han var byråsjef i Fiskeridepartementet og hadde i perioden mellom 1973 og 1976 særleg ansvar for internasjonale spørsmål og havrettsforhandlingar. Seinare var Bergesen jr. norsk fiskeriattaché til Washington D.C. og i Ottawa før han vart generalsekretær i Norges Fiskarlag frå 1983 til 1989. Deretter vart han administrerande direktør i Norges Sildesalgslag frå 1989 til 1995 og så administrerande direktør i Kavli Holding. Frå 1999 til 2009 var han administrerande direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Sidan arbeidde han som frittståande konsulent.

Kunnskapsdepartementet oppnemnde i 2010 Finn Bergesen jr. som leiar av fellesstyret for samanslåinga av Norges veterinærhøgskole (NVH) og Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]