Finn Helgesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Finn Helgesen (25. april 19193. september 2011) var ein norsk skøyteløpar som vart olympisk meister på 500 meter under vinter-OL 1948 i St. Moritz.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Helgensen var rein sprint-løpar og hevda seg aldri på andre distansar enn 500 m. Han vann 500-meteren i noregsmeisterskapane 1947, 1949 og 1952. Under dei olympiske leikane i St. Moritz i 1948 gjekk han sitt livs snøggaste løp og vart klokka i mål 43,1 sekundar. Han tok dermed gullmedaljen på 500 m, eitt tidels sekund framom tre løparar som delte sølvmedaljen, mellom dei landsmannen Thomas Byberg. Fire år seinare fekk Helgesen same tid, 44,0, som parkameraten Gordon Audley frå Canada under vinterleikane i Oslo, men vart dømt etter i mål og enda på femteplass.

Helgesen var fødd i Drammen, men representerte Oslo Skøiteklub. Han døydde i Lørenskog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]