Finn Lützow-Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Lützow-Holm

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mai 1890
Nesseby kommune
Død

4. juni 1950 (60 år)
Oslo

Yrke oppdagar, flygar, offiser
Far Ole Arntzen Lützow-Holm
Finn Lützow-Holm på Commons

Finn Lützow-Holm (fødd 28. mai 1890 i Nesseby i Finnmark, død 4. mai 1950 i Oslo) var ein norsk marineoffiser og flygar som var med blant andre Roald Amundsen på fleire pionertokt i Arktis.

Etter oppveksten i Risør, tok han examen artium 1907 og Sjøkrigsskolen 1912. Med flysertifikat frå 1916 var han i Marinens flyvåpen, sjef ved lufthamna i Kristiansand sommaren 1918, offiser ved Marinens flyfabrikk i Horten 1919. I 1920 var han patruljerande ved Flystasjonen til marinen i Haugesund saman med flyg Hjalmar Riiser-Larsen og to Sopwith Baby (F.112 og F.116). Med tittelen premierløytnant flaug dei to 12. juli 1922 på den 47 timar lange ferda Horten-Kirkenes og tilbake med kvart sitt Hansa-Brandenburg W.33 sjøfly (F.56 og F.58). Den andre første legeflyginga i landet var del av turen.[1]

Lützow-Holm leia an med to Hansa W.33 (F.18 og F.22 på D/S Ingertre) i leiteekspedisjonane etter Roald Amundsen i juni 1925 og førte det første postflyet (flybåten N-25) til England, frå Oslo til Harwich i mars 1927. Året etter flaug han første toktet etter Umberto Nobile vart meldt sakna nordom Svalbard i 1928, og då Roald Amundsen på Latham forsvann var Lützow-Holm òg med og flaug Hansa-Brandenburg W.33 (F.36) på den leiteaksjonen. Så henta han Lars Christensen sitt nye «Quartssiluni», eit Lockheed Vega frå USA, til bruk på den tredje Norvegia-ekspedisjonen i 1929-1930 med Riiser-Larsen, der Bouvetøya vart kartlagt med eit Hansa-Brandenburger W.33 (F.18), og dei to pilotane planta eit norsk flagg i Enderby Land den 22. desember 1929.[2] Innlagt i Cape Town med blindtarmbetennelse kunne han ikkje fortsette på den fjerde i 1930.

I tida 1931-34 var han atter ved Marinens flyfabrikk, før han gjekk til Marinen flyvåpen og i desember 1935 mista foten under krasj i Italia med italienske Breda Bad.28-fly dei hadde skaffa seg. Han vart kommandør og sjef for Marinesn flyvåpen i 1938, samstundes med at han fortsette som prøveflygar for flyfabrikken. Under andre verdskrigen flykta han til Sverige i 1941 og flaug til Skottland og var i London ut krigen som leiar i eksil, saman med Hjalmar Riiser-Larsen. Etter krigen gjekk han til marinen og var ved Overkommandoen til sjøforsvaret. Sonen hans Odd Lützow-Holm (1922-42) var cand.jur. og dreiv illegal pengehjelp og nyhendeformidling og var blant 17 som vart avretta ved Trandumskogen.[3]

Meritter[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fra Horten til Kirkenes i 2 Hansa-Brandenburg W.33». Luftfartshistorie.no. 
  2. «Bouvetøya». Norskpolarhistorie.no. Henta 15. desember 2008. 
  3. Finn Lützow-Holm. (26.09.2011) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Finn_L%C3%BCtzow-Holm