Finn Støren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Finn Støren (fødd 20. november 1893 i Kristiansand, død 18. april 1962 i Buenos Aires)[1][2]) var ein norsk finansmann og diplomat.

Han tok examen artium i 1914, studerte finans og dreiv meklarfirmaet P. Anker i Kristiania. I Russland trefte han Fridtjof Nansen og Vidkun Quisling som dreiv hjelpearbeid under svoltkatastrofen der. Han var i lengre tid utanlands som diplomat i Russland, Colombia og konsul i Panama 1930-33.

Tilbake i Norge i 1933 busatte han seg i Drangedal, vart med i Nasjonal Samling og var reiar i eige kvalfangstfirma i Kragerø.[3]

Han verka som leiar for Direktoratet for spesialorientering i perioden 1940-45, vart arrestert, men flykta til Argentina i 1947 saman med mellom andre Arne Høygaard.

Det er kjent at han skreiv under pseudonyma F. Grong og F. Balg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]