Finnmarkshallen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 69°58′28.571″N 23°17′43.955″E

Finnmarkshallen
Brukarar Alta
Underlag kunstgras
Banestorleik 100 x 64 meter
Kapasitet 1200 (redusert i 2008)
Tilskodarrekord 2204 18.11.2006: FK Mølja - Tufte IL
Historiske årstal
Påbegynt
Opna
1996
Stengt

Finnmarkshallen er ein fleirbrukshall, som stod ferdig juli/august 1996. Eigar er Alta kommune, men han vert drive av eit eige driftsselskap, Finnmarkshallens Driftsselskap AS. Aksjane i driftsselskapet er fordelt mellom Alta kommune (51%), fire idrettslag (10% kvar) og Alta Næringsforening (9%).

Hallen er ca 25 meter høg og inneheld ein full fotballbane på 100 x 64 meter. I tillegg er det fire meter tryggleikssone på langsidene og fem meter på kortsidene. Sommaren 2006 fekk hallen nytt kunstgras. Dekket vart fyllt med miljøvennlige grøne plastkuler. I tillegg fekk hallen løpebane rundt heile graset. 4 felt på eine langsida og 2 felt på den andre.

Bak det eine målet er det nedfelt lengdehoppgrop for friidrett, med 2,75 meters breidd. Den eine langsida har tribunar med sitjeplass for ca. 1000 personar. Under tribunane er det lager for oppbevaring av utstyr. Hallen kan, med skiljeveggar ned frå takket, delast inn i tre mindre treningshallar. To av desse har berre kunstgras, medan den minste har høve for sportsgolv for handball, volleyball, badminton, tennis og meir. I servicebygget finn sin seks garderobar med dusj, to store undervisningsrom, to grupperom, kontor, kafé med kjøken, m.m

Hallen blir nytta av Alta Vidaregåande skule til undervising på dagtid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]