Finnmarksvidda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den austlege delen av Finnmarksvidda (Karasjok og Tana) er den lågaste delena v vidda og elvedalane er berre 100-250 meter over havet.

Finnmarksvidda er den største vidda eller platået i Noreg med eit areal på 22 000 km². Ho ligg 300-500 meter over havet. Finnmarksvidda dekkjer om lag 36 % av Finnmark fylke. Frå Alta i vest til Varangerhalvøya i aust er lengda over 400 km, og frå nord til sør er ho minst like lang, og platået held fram innover i Finland.

Vidda inneheld store bjørkeskogar, furumoer, myrer og innsjøar danna av isbrear. Finnmarksvidda ligg nord for polarsirkelen og er mest kjend som samane og reinsdyrflokkane deira sitt landområde. Samane brukte å leve som nomadar og midt på denne tundraen finn ein tilfluktsstader som framleis vert nytta om vinteren av samane som ser ett er reinsdyrflokkane sine.

Del av Finnmarksvidda i Alta; Altadalen i bakgrunnen

Øvre Anarjóhka nasjonalpark ligg på Finnmarksvidda. Parken opna i 1976 og har eit areal på 1409 km².

Finnmarksvidda har kontinentalklima og har hatt dei lågaste målte temperaturane i Noreg. Det kaldaste som er målt er -51,4 °C i Karasjok januar 1886. Døgnmiddeltemperaturen for januar og juli i Karasjok er -17,1 °C og 13,1 °C, medan årsmiddelet er -2,4 °C. Den normale årsnedbøren er berre 366 mm.[1]. Karasjok har målt temperaturar opp i 32,4 °C i juli, noko som gjev eit mogeleg temperatursprang på 84 °C, noko som er sjeldan å sjå i Europa. Sihčajavri i Kautokeino på Finnmarksvidda har ein årsmiddeltemperatur på -3 °C. Dette er den lågaste middeltemperaturen for fastlandsnoreg (om ein ser bort frå enkelte høge fjellområde), og er sjølv kaldare enn Jan Mayen og Bjørnøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Normalar for Karasjok.