Finsetunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Finse stasjon. Ei stutt strekning bak snøoverbygget i bakgrunnen på fotografiet ligg innkøyringa til Finsetunnelen.

Finsetunnelen er ein 10,3 km lang jarnbanetunnel vest for FinseBergensbanen, i Ulvik herad i Hordaland. Av alle tunnelane på sjølve Bergensbanen (mellom Hønefoss og Bergen) er Finsetunnelen den lengste, sjølv om tog som køyrer over Drammen på veg inn mot Oslo passerer gjennom Liertunnelen, som er litt lengre. Tunnelen vart offisielt opna av Kong Harald V i 1993. Før tunnelen vart bygd måtte toga over den vêrutsette strekninga over Fagernut, og snøryddingsbasen ved Finse kunne stengjast då sporet vart verna av tunnelen.[1] Det høgaste punktet på Bergensbanen blir passert inne i tunnelen, 1237 meter over havet; før tunnelen vart bygd var den maksimale høgda 1301 meter over havet.[2]

I 2004 vart det utgjeve ein rapport som åtvara mot moglege tryggleiksproblem med fleire norske tunnelar, mellom dei vart Finsetunnelen utpeikt som farleg på grunn av lengda og vanskeleg tilgjenge for redningsmannskap. Tunnelen har rett nok ein del tryggingsutstyr som manglar ved fleire andre tunnelar, som naudlys, kommunikasjonssystem og naudareal, men rapporten kritiserte manglande katastrofeøvingar og høva til å evakuere tunnelen dersom det skulle bli brann.[3]

[endre] Kjelder

  1. Jernbaneverkets side om Finse stasjon
  2. Jernbaneverkets side om Bergensbanen
  3. Farlege jernbanetunneler, NRK Hordaland, 2. september, 2004
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk