Finskegrensa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei norske riksgrensene ██ Svenskegrensa██ Finskegrensa██ Russergrensa
Samelandsbrua mellom Noreg og Finland

Den norsk-finske grensa eller finskegrensa er riksgrensa mellom Noreg og Finland. Ho er 736 km lang, rekna frå Treriksrøysa i Storfjord i Troms til Treriksrøysa i Pasvikdalen i Finnmark.[1]

Store delar av finskegrensa går gjennom grisgrendte strok, frå Storfjord til Reisa nasjonalpark gjennom fjellområde, lenger aust gjennom Finnmarksvidda. Frå Anárjohka nasjonalpark fylgjer ho Anárjohka og Tana sine løp til Polmak, der grensa bryt av søraustover til Neiden og deretter sørover til Pasvikdalen.

Treriksrøysa mot Sverige ligg 600 m lenger nord enn røysa mot Russland. Grensa fram til Neiden vart fastlagd i 1751 som ein del av den norsk-svenske grensa, og vart ikkje «finskegrensa» før 1809, då Sverige måtte gjeva frå seg Finland til Russland etter deira posisjon under Napoleonskrigane. Finland vart under russisk styre eit sjølvstendig storhertugdøme.[2][3]

På norsk side ligg fylka Troms og Finnmark langs finskegrensa, medan på finsk side ligg Lappland langs norskegrensa. Dei viktigaste grenseovergangane er på Europaveg 8 frå Skibotn, Riksveg 93 ved Geadgejávri, Riksveg 92 austom Karasjok og Europaveg 6/Europaveg 75 ved Utsjok. Sistnemnde er den beste overgangen mellom Finland og Noreg med omsyn på gjennomgåande vegstandard.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Riksgrensa mellom Noreg og Finland er fastlagd av følgjande grenseavtaler og hendingar:

  • Grensetraktaten av 1751: Heile grensa frå Kornsjø i Østfold til Nesseby i Aust-Finnmark vart gått opp og fastlagt i detalj og grenserøyser bygde, til saman ca 2228 km.[4]
  • Då Sverige avstod Finland i 1809 vart riksgrensa frå Treriksrøysa i Troms til Nesseby grense mot Storhertugdømet Finland.
  • Grensekonvensjonen av 1826: Fastla grensa frå Nesseby til Grense Jakobselv.
  • Etter Finland si frigjering i 1917 og Russland sitt nederlag i første verdskrigen tilhøyrde Petsjenga frå 1920 Finland. Finskegrensa gjekk med dette heilt til Grense Jakobselv og var til saman 932 km lang.
  • Etter andre verdskrigen vart Petsjenga formelt avstått til Sovjetunionen i 1947. Riksgrensa frå Pasvikdalen til Grense Jakobselv vart atter ein gong grense mot Russland. Området oppover Pasvikelva til Jäniskoski kraftverk vart samstundes selt til Sovjetunionen. Detta endra ikkje på Noreg si grense mot Finland (eller Russland), men gjorde at Russland auka sin sektor rundt treriksrøysa frå 66° til 103°, medan Finland sin minka frå 121° til 83°.

Reindrift[endre | endre wikiteksten]

Finskegrensa skjer gjennom område som tradisjonelt er nytta av samane til reindrift. For å minska ulempene for samane, vart dei gjevne spesielle rettar i den såkalte Lappekodisillen, eit tillegg til grenseavtala av 1751. I 1852 vart finske- og russargrensa stengd for reindrift, noko som førte til store forandringar og ulemper for reindrifta, m.a. i Utsjok og Aust-Finnmark. Dette var ei medverkande årsak til Kautokeino-opprøret same år.[5]

I 1859 kom Finland med eit tilbod om å la Noreg overta den aller nordlegaste delen av Finland, Enaredistriktet, slik at samane kunne få lov til å bruka naturgodane sine utan ulemper med grensesperringane.[6] Sverige-Noreg takka nei til dette tilbodet.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ny grenseoppgang mellom Norge og Finland», Kartverket.no (på norsk bokmål), henta 24. august 2022 
  2. aucor (9. januar 2014), «Main outlines of Finnish history», thisisFINLAND (på engelsk), henta 24. august 2022 
  3. Julsrud, Ottar; Giverholt, Helge (4. mai 2022). «Finlands historie». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  4. «Traktat om grensen mellom Norge og Sverige - Lovdata», lovdata.no, henta 24. august 2022 
  5. Berg-Nordlie, Mikkel (28. august 2019). «Kautokeino-opprøret». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  6. Pedersen, Steinar (2006), Lappekodisillen i nord 1751-1859, Universitetet i Tromsø, ISBN 82-91636-23-0, ISBN 978-82-7367-018-2, henta 24. august 2022 
  7. Aslaksen, Eilif Andreas (23. august 2022), «Norge kunne vært mye større – takket nei i all hemmelighet», NRK (på norsk bokmål), henta 24. august 2022