ACF Fiorentina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fiorentina)
Gå til: navigering, søk

ACF Fiorentina er ein fotballklubb frå Firenze i Italia. Klubben vart danna som Florentia Viola i 2002, etter at forgjengaren AC Fiorentina gjekk konkurs same året. ACF Fiorentina fekk sitt noverande namn i 2003 og reknar klubbhistoria tilbake til 1926, då AC Fiorentina vart stifta gjennom ei samanslåing av to lokale fotballag. Klubben er vide kjend for sine klubbfargar med lilla trøyer og bukser.

Fiorentina vann Cupvinnarcupen i 1961, og tapte finalen i same turneringa året etter. Klubben nådde i 1957 finalen i Europacupen, der det vart tap for Real Madrid, Europas beste fotballag i siste halvdel av 1950-åra. I 1990 tapte Fiorentina finalespelet i UEFA-cupen, borte-/heimekamp, med 1-3 for Juventus. Fiorentina har vunne to seriemeisterskap i Italia, fyrst i 1956 og så på ny i 1969. Seks gongar har klubben gått til topps i den italienske cupen; Coppa Italia.

Sidan 1931 har Fiorentina spela på 'Stadio Artemio Franchi', eit stadion med plass til 47 282 tilskodarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]