Firblad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Firblad | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Monocotyledonae | |
| Orden: | Asparagales | |
| Familie: | Trilliaceae (Liliaceae) | |
| Slekt: | Paris | |
| Art: | P. quadrifolia | |
| Vitskapleg namn | ||
| Paris quadrifolia
L., 1753
|
||
Firblad er ei urt i liljefamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 2 dm høg og har krypande jordstengel og opprett stengel oftast med fire kransstilte blad. Ein toppstilt blomster oftast med fire breie og fire smale spisse, gulgrøne blomsterblad, åtte mjølberarar og fire griflar. Blått saftig giftig bær. Blomstrar kring juni månad i lauvskog med god mold. Veks gjennom heile Noreg. Funnen opp til 1250 m i Vågå.[1]
Heile planten er giftig, spesielt bæra; det verksame giftstoffet er saponin. Av bæra har det vore framstilt gift som vart bruka ved jakt på ulv. Planten har derfor vore kalla vargbær. [2]