Fire av Jimi Hendrix
| «Let Me Light Your Fire» Singel av The Jimi Hendrix Experience frå albumet Are You Experienced |
||
| B-side | «Burning Of The Midnight Lamp» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 12. mai 1967 (UK) singel i april 1969 |
|
| Sjanger | Psykedelisk rock, acidrock, hardrock | |
| Lengd | 2:47 | |
| Selskap | Track Records, Polydor (LP & single); Reprise (berre LP) | |
| Låtskrivar(ar) | Jimi Hendrix | |
| Produsent | Chas Chandler | |
| The Jimi Hendrix Experience-kronologi | ||
| «Stone Free» (1969) |
«Let Me Light Your Fire» | «Stepping Stone» (1970) |
«Fire» er ein skriven og framført av Jimi Hendrix og gjeven ut på albumet Are You Experienced frå 1967 av The Jimi Hendrix Experience.
[endre] Historie
Stereomiksen av «Fire» vart i 1969 gjeven ut som singel, utafor USA og Canada som «Let Me Light Your Fire». Songen finst på fleire samleplater av Hendrix.
Trass i dei seksuelle overtonane, hadde songen eit harmlaust opphav, og kom frå ein kald nyårsaftan i in Folkestone i England etter ein konsert. Noel Redding, bassist for The Jimi Hendrix Experience inviterte Jimi og kjærasten som gjester i huset til mora. Jimi spurte ho om han kunne få stå ved sidan av omnen og varme seg. Hunden hennar stod derimot i vegen og derfor linja «Aw, move over, Rover, and let Jimi take over...»(«Electric Gypsy»).[1]
Albumversjonen hadde ein kort og enkel solo, men fleire konsertversjonar har ein langt lengre solo. «Fire» vart seinare spelt av mange andre artistar, som Alice Cooper og Five By Five i 1968. Han vart nytta i ein fjernsynsreklame for Chevrolet Camaro i 1993 og Pontiac Sunfire i 1999, og i 2007 for Verizons V-Cast.
Red Hot Chili Peppers starta å spele songen kring mars 1983. Då den originale gitaristen i bandet, Hillel Slovak døydde i 1988, vart innspelinga av «Fire» lagt til som ein hyllest til han på albumet deira Mother's Milk, i 1989. Red Hot Chili Peppers spelte songen på Woodstock '99-konserten sin. Eit anna band som spelte inn songen var The Real McKenzies i 1995.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Fire (The Jimi Hendrix Experience song)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Record Collector (330): p96. 2006.