Firhjuling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Firehjuling)
Firhjuling.

Firhjuling, eller firehjulsmotorsykkel, er eit lite terrengkøyretøy med to- eller firehjulsdrift, som vert nytta til dømes innan reindrift, men òg til fritidskøyring.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Firhjulingar har mykje til felles med motorsyklar. Føraren sit på same type sete som på ein motorsykkel, med ein fot på kvar side av motoren. Dei vert styrte med eit styre, som òg tener til å halda seg fast i, og dei har vridbart gasshandtak, som på ein motorsykkel. Firhjulingar har uavhengig fjøring på framhjula. Nokre har stiv bakaksel opphengt i ein avfjøra pendlande gaffel og kjededrift, medan andre har kardandrift og uavhengig fjøring på bakhjula. Firhjulingar kan vera bakhjulsdrivne eller firehjulsdrivne. Det vert òg produsert firhjulingar med boggi bak og sekshjulsdrift.

Skade på naturen[endre | endre wikiteksten]

Bruk utanom veg fører lett til skade på naturen, i form av djupe hjulspor som varer i fleire tiår[1]. Myr, våtmark og lavrabbar er spesielt sårbare[2]. Ferdsel i utmark er difor forbode om ein ikkje har dispensasjon[3]. Det har òg vorte hevda at firhjulingar kan skada potensen[4].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Motorferdsel i utmark[daud lenkje], Norgen naturvernforbund.
  2. Tømmervik, H., Bakkestuen, V. og Eikstad, L., Forsøk med forsterkning og revegitering av kjøretraséer i Porsangmoen - Hálkavárri skytefelt, Norsk institutt for naturforskning, rapport 341, juli 2008.
  3. Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, LOV-1977-06-10-82.
  4. Firehjuling skader potensen, Nettavisen, 28/4-2004.