Firfargeproblemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit kart med fire fargar

Firfargeproblemet er eit gammalt problem som består i å bevise at eit landkart i planet eller på kuleflata kan fargast med fire fargar slik at land med felles grenselinje alltid får forskjellig farge. Firfargeproblemet vart først sett fram av dei britiske matematikarane Francis Guthrie og Augustus De Morgan omkring 1850, og hypotesen vart endeleg bevist av Kenneth Appel og Wolfgang Haken i 1976 ved særs omfattande bruk av datamaskinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]