Firkantperikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Firkantperikum


Geflecktes Johanniskraut.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Malpighiales
Familie: Hypericaceae
Slekt: Hypericum
Art: H. maculatum
Vitskapleg namn
Hypericum maculatum
Crantz, 1763

Firkantperikum er ei fleirårig plante i perikumfamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Planta har ein firstripa stengel og er kring 4 dm høg. Blada er avlange og gulgrøne. Blomsten har butte begerblad. Firkantperikum blømer kring juli månad i bakkar , berg og turre stader i skogen. Han veks spreidd gjennom heile Noreg, men er sjeldan i nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.