Firth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Firth of Forth og det omliggande området
Kart over Moray Firth

Firth er det låglandsskotske ordet nytta om forskjellige farvatn rundt Skottland. Rundt det skotske fastlandet vert det nytta om store bukter, fjordar eller sund. I Northern Isles vert det vanlegvis nytta om mindre viker. Ordet slektar på ordet fjord og begge kjem av det same proto-germanske *ferþuz. Engelskmennene nyttar firth om lag på same måte som ein Skandinavia nyttar fjord.

Det er vanlegare å nytte firth på austkysten av Skottland enn på vestkysten, sjølv om Firth of Lorn er eit unntak. Kysten av Highland har mange estuar, sund og bukter med same form som dei på austkysten, men heiter til dømes the Minch og Loch Torridon. Desse vert ofte kalla sea lochs.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]