Firth of Clyde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Firth of Clyde og området rundt
Seamill-stranda sett sørover mot den ytre delen av fjorden og Arran og Ailsa Craig.

Firth of Clyde er er ein firth eller fjord innanfor Kintyrehalvøya i Argyll og Ayrshire i Skottland. Kilbrannan Sound er ein stor arm av Firth of Clyde, som skil Kintyrehalvøya frå Isle of Arran.

Ved munningen av fjorden er han 42 km brei. Den indre delen av fjorden deler seg i Loch Long og Gare Loch. Fjordaramane går nordover frå den store ankringsplassen utanfor Greenock kalla Tail of the Bank, som viser til ein sandbanke, som skil fjorden frå estuaret til River Clyde. Clyde er framleis nesten 3 km brei ved sandbanken og den øvre tidvassgrensa er ved overløpskanten ved Glasgow Green.

Den kulturelle og geografiske overgangen mellom fjorden og River Clyde er vag og folk omtalar ofte Dumbarton som ein stad ved Firth of Clyde, medan folk i Port Glasgow og Greenock ofte kallar fjorden nord for seg «elva». På skotsk-gælisk vert den indre delen av fjorden kalla Linne Chluaidh, medan området rundt sørlege Arran, Kintyre og Ayrshire/Galloway heiter An Linne Ghlas.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fjorden ligg rundt mange øyar og halvøyar og tolv ferjeruter går mellom desse og fastlandet og mellom øyane.

Byar og landsbyar rundt fjorden[endre | endre wikiteksten]

Det ligg fleire store byar og mange landsbyar langs fjorden (her er ikkje dei langs River Clyde eller sidefjordar tekne med).

Holy Loch sett frå indre Firth of Clyde ved Gourock, med Hunter's Quay til venstre og Strone til høgre. Ferja MV «Saturn» kjem frå Dunoon.

Øyar i Firth of Clyde[endre | endre wikiteksten]

Det er mange øyar i fjorden. Dei største av dei er busette og har faste ferjesamband til fastlandet. Desse er:

«Waverley» utanfor Arran.

Sidefjordar[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ferguson Shipbuilders, det siste skipsverftet i ytre Clyde, nær Newark Castle i Port Glasgow, heilt inne i fjorden.

Clyde har vore ei viktig rute til sjøen frå tidlegaste tider og slaget ved Largs markerte eit viktig vendebukt for ambisjonane til vikingane vest i Skottland.

Midt på 1800-talet vart seglsport populært på Clyde. Før dette vart seglbåtane berre nytta til praktiske føremål. Området vart kjend verda for bidraga til seglsporten og bygging av seglbåtar. Fleire kjende båtbyggarar heldt til her, som William Fife III, Alfred Mylne, G. L. Watson og David Boyd.

I viktoriatida kom turismeen til området og innbyggjarane i Glasgow reiste ned på dampskip til pittoreske kystbyar og landsbyar langs fjorden. Dei rikare innbyggjarane bygde seg feriehus langs kysten. Mange byar som Largs, Dunoon og Rothesay blømde i denne perioden og vart feriestader med hotell og attraksjonar.

I dag går veteranskipet PS «Waverley» framleis til mange av desse kystbyane.

I 1942 vart den første undersjøiske oljerøyrleidninga i verda lagt over Firth of Clyde i Operation Pluto.

Skipsverfta i Greenock og Port Glasgow, særleg Scott Lithgow, spelte ei viktig rolle innan skipsbygging og «Comet» vart det første suksessrike dampskipet i Europa og særs mange skip vart bygd her til langt inn på 1900-talet. I dag er berre Ferguson Shipbuilders ved Newark Castle i Port Glasgow det einaste skipsverftet som er att.

Sjøliv[endre | endre wikiteksten]

Den indre delen av fjorden sett frå Cowalhalvøya nær Dunoon. Ein ser nordaustover til kysten av Inverclyde ved Cloch sør for Gourock og Greenock og bakom det Tail of the Bank. Veteranskipet «Waverley» seglar sørover..

Det er mykje kobbe og gråsel i fjorden. Det er òg ein del niser og stundom delfinar. Kval er sjeldnare å sjå, men stundom vitjar grindkval og vågekval fjorden. Fjorden er ein av stadane i Skottland mest størst sjanse for å sjå brugder. Det vert drive noko fiske i fjorden etter reker, hummar og sild.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 55°40′N 5°00′W