Firth of Lorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Firth of Lorn

Firth of Lorn (skotsk-gælisk An Linne Latharnach) er ein firth eller ein fjord på vestkysten av Skottland i Argyll and Bute. Han ligg mellom Isle of Mull i nordvest og øyane Kerrera, Seil og Luing (Slate-øyane) samt delar av det skotske fastlandet sørvest for Oban på søraustsida. Fjorden er mellom 5 og 10 km brei og er om lag 25 km lang.

Fjorden er ein del av Great Glen-forkastinga, som går gjennom Great Glen og Loch Linnhe før han går saman med Firth of Lorn, og vidare sørvestover over Irland.

Nordaust for fjorden går han vidare som andre fjordar, nemleg Loch Linnhe, Lynn of Lorne, Loch Etive og Mullsundet. Loch Spelve og Loch Don på Isle of Mull og Loch Feochan på fastlandet er sidefjordar av Firth of Lorn. På søraustsida finn ein òg fleire kanalar og sund mellom Slate-øyane.

Tidvasstilhøva i og rundt Firth of Lorn skapar fleire fenomen, som Lora-falla ved utgangen av Loch Etive og malstraumar og ståande bølgjer i Corryvreckanbukta mellom Scarba og Jura.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 56°20′N 5°45′W