FishBase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
FishBase

Type nettstadglobal artsdatabase, internettensyklopedi, nettdatabase, taksonomisk database
Tilgjengeleg påengelsk
Nettstadfishbase.org

FishBase er eit internasjonalt oppslagsverk på nett som tek for seg fisk.[1] Per oktober 2016 inneheldt databasen deira opplysningar om 33 400 artar og underartar, over 57 800 bilete og referansar til 51 600 verk i vitskapleg litteratur. Nettstaden har rundt 700 000 ulike besøkande kvar månad.[2]

Fiskeslaga på FishBase er organisert etter vitskapleg namn. Kor mange opplysningar som vert oppgitt varierer frå art til art.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1987 føreslo Daniel Pauly å oppretta ein standardisert database for fiskeartar som ein del av programvareprosjektet til ICLARM. Året etter tok han til å jobba med Rainer Froese, som hadde arbeidd med eit ekspertsystem for identifisering av fiskelarvar. Dei første sidene vart skrivne i Prolog, men dei skifta fort til det DOS-baserte systemet DataEase. I 1989 fekk prosjektet sin første donasjon.

I 1993 bytta prosjektet til Microsoft Access, og i 1995 gav dei ut sin første CD-ROM. Sidan då har desse utgjevingane kome nesten årleg, og i takt med auka i informasjon i databasen har òg datamengda her auka. 2004-versjonen var på fem CD-ar, eller ein DVD.

FishBase dukka først opp på internett i august 1996. Sidan 2000 har FishBase vore drive av FishBase Consortium, som består av:

FishBase er tilknytt 1370 bidragsytarar og samarbeidspartnarar. For å bevara verdien som ein vitskapleg database publiserer ikkje FishBase original forsking; alt innhaldet må basera seg på tidlegare publisert materiale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Froese R og Pauly D (red.) (2000) FishBase 2000: concepts, design and data sources ICLARM, Philippines.
  2. I følge FishBase, vitja i desember 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]